Dialog SKOG 4/2025 - Digitale kartløysingar innan skogbruk
- Dato:
- 4. desember 2025 09:00 - 10:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- SFVL, landbruk
- Målgruppe:
- Skogansvarlege i kommunane
Statsforvaltaren i Vestland inviterer skogbruksansvarlege i kommunane til webinar om digitale kartløysingar innan skogbruk.
Visste du at du kan finne alle større hogstflater frå dei siste 15 åra på nett? At det går an å hente fram kart over granskogen i din kommune? Eller at du i ALLMA kan sjå kva skogeigarar som har hogstmoden gran eller behov for ungskogpleie – og ta ut lister over dei du bør følgje opp?
Vi tek ein kort gjennomgang av dei viktigaste kjeldene til kartinformasjon i skogbruket og viser kvar du finn det du treng og nyttige funksjonar:
- Fylkesatlas og hogstflatekart: Steinar Bergheim
- ALLMA.no: AT Skog (mangler bekreftelse)
- Kilden.nibio.no: Gro Kampp Hansen
- Miljøinformasjon: sider en må besøke for å få all relevant miljøinfo i dekningsområdet til veg: Torkel Hofseth
Lenke til webinaret vert sendt ut til alle påmelde like før arrangementet.
Det er gratis å delta, men du må registrere deg på førehand. Det vert sett av tid til å svare på spørsmål frå deltakarane.
PÅMELDING innan 3.des.
- Dato:
- 4. desember 2025 09:00 - 10:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- SFVL, landbruk
- Målgruppe:
- Skogansvarlege i kommunane