Nettmøte om endringar i konsesjonslova

Dato:
11. september 2025 09:00 - 10:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltning eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova
Påmeldingsfrist:
10. september 2025 10:30

I møtet vil du få informasjon om endringar i konsesjonslova frå 1. juli 2025 og 1. januar 2026.  

Publisert 15.08.2025

Stortinget har vedteke ein del endringar i konsesjonslova. Lova blei sanksjonert 6. juni 2025. Dei fleste endringane tok til å gjelde frå 1. juli 2025. Då det var kort tid til sommar og ferie, fann vi det riktig å informere om endringane skriftleg i juni. Samtidig annonserte vi eit nettmøte om endringane etter sommarferien. Vi inviterer derfor no til eit nettmøte om desse endringane.

Kort om endringane

De finn endringslova her: Lov om endringer i konsesjonsloven (priskontroll på skogeiendommer, konsesjon til selskaper med begrenset ansvar og stiftelser m.m.) - Lovdata

De vil sjå at det er vedteke delt iverksetting. Dei fleste endringane tok til å gjelde frå 1. juli 2025. Nokre skal gjelde frå 1. januar 2026.

Tema for nettmøtet er:

  • Gjennomgang av endringane i konsesjonslova.
  • Felles runde med spørsmål, erfaringsdeling og moglege avklaringar.

Nettmøtet rettar seg spesielt mot tilsette i landbruksforvaltninga eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova.

Dato:
11. september 2025 09:00 - 10:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltning eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova
Påmeldingsfrist:
10. september 2025 10:30

Kontaktpersonar