Barnevernsleiar- og læringsnettverkskonferanse

Dato:
20. september 2023 08.30 - 21. september 2023 14.30
Sted:
Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette som er involvert i utviklingsarbeid i barnevernstenesta, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernsfeltet i Vestland
Påmeldingsfrist:
10. september 2023 23.59

Påmeldinga er open til 10. september og programmet er klart. Dette er ei samling for leiarar i barnevernstenestene, representantar frå kompetansemiljø, brukarorganisasjonar og dei som arbeider med utviklingsarbeid på barnevernsfeltet.

Publisert 02.02.2023, Oppdatert 28.08.2023

Vi i styringsgruppa ønsker velkommen til den årlege samlinga for fagleg påfyll, gode diskusjonar, nettverksbygging og inspirasjon!

Kva skjer på samlinga i år?

Vi har mange spennande utviklingsarbeid i Læringsnettverket i Vestland dette året, og nokre av desse vil gje eit innblikk i kva dei arbeider med. Vi i styringsgruppa har også invitert Helsedirektoratet, Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, KS, Barne- og familieetaten region Vest, utdannings- forskings- og kompetansemiljøa på barnevernsfeltet og Statsforvaltaren til å halde innlegg. Fleire barnevernstenester vil gje innleiingar til grupperefleksjonar kring borda. Vi gler oss til å dele to heile dagar og dette innhaldsrike programmet!

Barnevernsleiarforum og møter den 19. september

Påmeldinga gjeld også for de som skal delta på møte i barnevernsleiarforum, styringsgruppa, og ressursgruppa dagen før samlinga, den 19. september. Både hovud- og vararepresentantane er invitert til å delta på møta den 19. september. Barnevernsleiarforum startar kl. 11.00, og vi andre startar med lunsj kl. 12.00 og møter frå 13.00 til 17.00.

Praktisk informasjon og påmelding

Konferansen er gratis for personane som er i målgruppa. Vi dekkjer også middag og overnatting for dei som treng det frå 20.-21. september. For dei som deltek på arrangement (barnevernsleiarforum, og/eller møte i styrings- eller ressursgruppa) den 19. september dekkjer vi også overnatting frå 19.-20. september.

Reise til og frå samlinga, og eventuelle ekstra overnattingar før eller etter konferansen dekkjer kommunane sjølv. Vi gjer merksam på at dersom det vert fleire påmelde enn det vi har plassar til, vil vi sette eit tak på kor mange som kan delta frå kvar teneste.

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du til at vi kan dele informasjonen din  med hotellet og  medarrangørane våre. Les meir om personvern og nettryggleik her.

Dato:
20. september 2023 08.30 - 21. september 2023 14.30
Sted:
Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette som er involvert i utviklingsarbeid i barnevernstenesta, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernsfeltet i Vestland
Påmeldingsfrist:
10. september 2023 23.59