Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
30. august 2023 09.30 - 16.00
Sted:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen (inngang frå Vincent Lunges plass)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
28. august 2023 12.00

VIVAT held kurset «OPS! Oppmerksom på selvmordstanker». Kurset varar fire timar og gjev verktøy for å oppdage sjølvmordstankar, korleis du kan gi innleiande hjelp og hjelpe personen til vidare hjelp. 

Publisert 16.08.2023

Mange kan hjelpe til å forebygge sjølvmord. På kurset lærer du å:

  • bevege deg forbi haldningsbarrierar som gjer at du ikkje oppdagar, avfeier eller unngår signal på sjølvmordstankar
  • oppdage menneske med sjølvmordstankar
  • bruke dei fire trinna: fortel, spør, lytt og sørg for sikkerheit til å hjelpe personen med sjølvmordtankar i kontakt med ein som kan gi førstehjelp ved sjølvmordsfare/vidare hjelp

Kursleiarane bruker ulike læringsmetodar som forelesing, film, diskusjon og praktiske øvingar.

Det er gratis å delta, men vi dekker ikkje reiseutgiftene.

Vi tilbyr to kurstidspunkt, og i påmeldingsskjema veljer du det tidspunktet som passar best for deg. Kurset som startar klokka 10.00 er ferdig klokka 14.00. Kurset som startar klokka 12.15 er ferdig klokka 16.00, slik at dei som reiser nordfrå med båt ikkje går glipp av noko.

Påmeldinga er bindande. Eventuell avmelding ber vi om å få innan måndag 28. august kl. 12.00 på e-post til Elisabeth Lund-Iversen. Kontaktinformasjon finn du under "Kontaktpersonar". 

Vi har eit avgrensa tal plassar. Dersom det blir mange påmelde frå same Nav-kontor, må vi difor kanskje be kontoret om å redusere tal påmelde. Vi tar kontakt med dei dette gjeld dersom det blir aktuelt.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at vi deler informasjonen du har oppgitt med kurshaldarane. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
30. august 2023 09.30 - 16.00
Sted:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen (inngang frå Vincent Lunges plass)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
28. august 2023 12.00