Fjerde samling i planprosessen for førebyggande planar på barn- og ungefeltet

Dato:
31. mai 2023 11.30 - 1. juni 2023 14.00
Sted:
Sunnfjord Hotell i Førde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med fylkeskommunen, RVTS, KORUS, NAPHA, RKBU og KS
Målgruppe:
Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei førebyggande planane
Påmeldingsfrist:
14. april 2023 16.00

Den siste samlinga blir ei fysisk samling i Førde frå 31. mai til 1. juni. Tema blir korleis realisere innhaldet i planane. Programmet er no klart.

Publisert 25.01.2023, Oppdatert 23.05.2023

På samlinga håpar vi å belyse spørsmåla:

  • Korleis skal vi gå frå gode mål og planar til god samhandling, betre førebyggande arbeid, tiltak og tenester?
  • Kva har vi og kva treng vi av ressursar, tid og kompetanse for å skape varige endringar i praksis?
  • Korleis gå fram for å lage ein realistisk og konkret handlingsdel?

Programmet finn du under «Dokument».

Dette vert ei lunsj til lunsj-samling for dei som er direkte involvert i arbeidet med å utarbeide og realisere innhaldet i planane. For å delta på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida.

Statsforvaltaren, fylkeskommunen, KORUS, RVTS, RKBU, NAPHA og KS inviterer denne våren kommunane til å delta i ein planprosess. Målet er å lage ein arena for erfaringsdeling mellom kommunane, og bidra til større samanheng i planverket på førebyggingsfeltet. Dette er den fjerde og siste samlinga. Meir informasjon og oversikt over tema for dei ulike samlingane finn de i invitasjonen under «Dokument».

Praktisk informasjon

Kvar kommune kan i fyrste omgang melde på inntil fire deltakarar kvar, utan kostnad. Fristen for dette er 30. mars. Dersom de ynskjer å ha med fleire enn desse fire, kan de sende ei prioritert liste med namn og e-post til Bente Cecilie Foss.

Dersom vi etter 30. mars ser at vi har ledige plassar, fordeler vi plassane på kommunane som har sendt inn prioriteringslister. De vil få beskjed innan 14. april om de får plass eller ikkje. 

For dei som har fått plass på samlinga, dekkjer vi deltaking og lunsj begge dagar, middag 31. mai og overnatting for dei som treng det frå 31. mai til 1. juni.  Kommunane må sjølv dekkje reiseutgifter, og eventuell overnatting frå dagen før konferansen.

Vi minner om at påmeldinga er bindande.

Samlinga startar med buffélunsj frå klokka 11.30 den 31. mai, og vi avsluttar med lunsj klokka 13.00 – 14.00 den 1. juni.

Dato:
31. mai 2023 11.30 - 1. juni 2023 14.00
Sted:
Sunnfjord Hotell i Førde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med fylkeskommunen, RVTS, KORUS, NAPHA, RKBU og KS
Målgruppe:
Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei førebyggande planane
Påmeldingsfrist:
14. april 2023 16.00