Tredje samling i planprosessen for førebyggande planar på barn- og ungefeltet

Dato:
26. april 2023 09.00 - 15.30
Sted:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med fylkeskommunen, RVTS, KORUS, NAPHA, RKBU og KS
Målgruppe:
Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei ulike førebyggande planane, nøkkelpersonar, planavdeling, kommunalsjefar og tenesteleiarar med ansvar for tenester til barn, unge og foreldre. Elles alle interessentar som politikarar, brukarrepresentantar, fagleiarar, opplæringsansvarlege og personar med ansvar for å koordinere tenester til barn, unge og foreldre i kommunen
Påmeldingsfrist:
23. april 2023 23.59

Tema på samlinga vert førebyggande tiltak, kva veit vi om kva som verkar? Påmeldingsfrist er 23. april.

Publisert 25.01.2023, Oppdatert 25.04.2023

Vi vil også rette merksemda mot kva som er viktig å tenkje på om ein skal lukkast med utvikling og implementering av nye tiltak, samhandlingsstrukturar og kompetansebygging. Sjå program under «Dokument».

Samlinga blir gjennomført digitalt. Dette gjer vi for at kommunane kan involvere fleire av dei som planen får følgjer for. På denne samlinga er det er inga avgrensing på kor mange de kan delta frå kvar kommune. Dette kan vere ei fin moglegheit til å gjere fleire av interessentane oppmerksame på planarbeidet. Til dømes politikarar, brukarrepresentantar, tenesteleiarar, fagleiarar, opplæringsansvarlege og koordinatorar for tverrfaglege tenester og tiltak.

Vi har også invitert nokre kommunar til å dele sine erfaringar og tankar om tiltaksutvikling i eigen kommune.

Samlinga er ei av fire samlingar som blir gjennomført frå januar til mai 2023. Vi trur kommunane vil få best utbyte av å delta på alle samlingane, men det er også fullt mogleg å berre delta på enkelte av samlingane. Oversikt over tema i alle samlingane finn de i invitasjonen under «Dokument».

Samla råd til kommunane

Implementering av nye tiltak, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren, fylkeskommunen, kompetansemiljøa og KS ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving i planprosessane er eit slikt grep.

Praktisk informasjon

Samlinga er digital, og lenkje vert sendt ut seinast to dagar før samlinga. Det er gratis for kommunane å delta på samlinga.

Ved at du melder deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at informasjonen din blir delt med medarrangør, at namn og e-postadresse kan bli synleg i ein Outlook-invitasjon og i det digitale møtet. Les meir om personvern her eller under "Lenkjer".