Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet på Skei i Sunnfjord

Dato:
20. april 2023 09.00 - 15.30
Sted:
Thon Partner Hotel Jølster
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
31. mars 2023 12.00

Det blir samling 20. april. Samling med tilsvarande program blir arrangert i Bergen 13. april slik at du kan velje kva samling som passar best for deg å delta på.

Publisert 27.02.2023, Oppdatert 08.03.2023

Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet.

Tema for samlingane i april blir Ungdom og kvalifiseringsprogram. Det blir innlegg frå Statsforvaltaren, erfaringsdeling frå prosjekt i Nav og casearbeid/erfaringsdeling i grupper.

Dersom du har erfaringar med ungdom og kvalifiseringsprogram du kan tenke deg å dele i form av eit eige innlegg på samlinga, vil vi legge til rette for det i programmet. Ta i tilfelle kontakt med oss seinast 10. mars. 

Endeleg program for samlinga kjem i veke 12.  

Praktisk informasjon og påmelding

Det er gratis å delta på samlinga. Påmelding til samlinga skjer via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sender vi til e-posten du har registrert i skjemaet. Påmeldingsfristen er 31. mars klokka 12.00.

Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir, kan få dekka overnatting frå 19. til 20. april. Meld frå i påmeldingsskjemaet om du treng overnatting, så vil vi ordne med bestilling og betaling.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Kjerstin-Mari Holm Carlsen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at vi deler informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
20. april 2023 09.00 - 15.30
Sted:
Thon Partner Hotel Jølster
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
31. mars 2023 12.00