Opplæring i kvalifiseringsprogrammet

Dato:
14. februar 2023 09.00 - 13.00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag
Målgruppe:
Tilsette i Nav-kontor som ønskjer å lære meir om kvalifiseringsprogrammet, med leiarar
Påmeldingsfrist:
13. februar 2023 12.00

Våren 2023 vil vi som ledd i eit opplegg for eigenvurdering, tilby opplæring for rådgjevarar som jobbar med kvalifiseringsprogrammet, og leiarar som har ansvar knytt til dette. Opplæringa vil skje på Teams.

Publisert 10.01.2023, Oppdatert 23.02.2023

Tema for eigenvurderinga, og for opplæringa, blir:

  • Er kvalifiseringsprogrammet tilgjengeleg for alle som kan ha rett på det? (14. februar)
  • Er innhaldet i programmet formålstenleg for brukaren? (7. og 9. mars)

Kommunane fekk 16. januar eit brev med invitasjon til å delta i eigenvurdering, men opplæringa er open for alle, uavhengig av om kommunen vil gjennomføre eigenvurdering.

Den 14. februar vil vi få innlegg om kvifor kvalifiseringsprogrammet er viktig og bør satsast på. Vi vil også få høyre foredrag om forsvarlegheit, rettleiingsplikt og inngangsvilkåra. Korleis identifisere nye og kjende brukarar som kan ha rett på kvalifiseringsprogrammet? Vi legg til rette for erfaringsutveksling.

Den 7. mars er det programmets innhald som er tema. Vi får høyre innlegg om § 30 i sosialtenestelova, arbeidsevnevurdering og brukarmedverknad. Vi får òg høyre om moglegheitsrommet i kvalifiseringsprogrammet. Vi legg til rette for deling av erfaringar rundt dette.

Den 9. mars fortset vi med programmets innhald – med vekt på samarbeid med andre aktørar. Vi tek for oss samordning og koordinering,  §13 og §33 i sosialtenestelova. Vi gjennomfører case-arbeid knytt til det som er tema i denne samlinga.

Viss du ikkje har høve til å delta alle tre dagane, kan du sjølv ta bort innkallinga i outlook dei dagar du ikkje skal vere med. Du treng ikkje gje beskjed til oss om dette.

Dato:
14. februar 2023 09.00 - 13.00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag
Målgruppe:
Tilsette i Nav-kontor som ønskjer å lære meir om kvalifiseringsprogrammet, med leiarar
Påmeldingsfrist:
13. februar 2023 12.00