Digital samling for alle som møter barn, unge og foreldre i sitt arbeid

Dato:
7. desember 2022 09.00 - 15.00
Sted:
Teams - lenkje blir sendt ut til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Alle i Vestland som møter barn, unge og foreldre i sin arbeidskvardag. Dette gjeld tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, kommunepsykologar, fastlegar, familietenesta, Nav, rehabilitiering, heimeteneste, BUP, flyktningtenesta og andre tenester med tiltak retta mot utsette barn.
Påmeldingsfrist:
5. desember 2022 10.00

Tema for samlinga blir tverrfagleg samarbeid og samordning av tenester til barn og unge. Programmet er klart og påmeldinga er open.

Publisert 30.09.2022, Oppdatert 06.12.2022

For å lukkast med intensjonane i oppvekstreforma, også omtala som barnevernsreforma må fagfolk som møter barn og foreldre i sitt arbeid, snakke saman, dele erfaringar og gode døme. Vi ønskjer med denne samlinga å skape ein arena for å dele kunnskap og erfaringar på tvers av kommunegrenser og tenesteområde. Vi vil også gjennomgå relevant lovverk og hovudtrekka i ny rettleiar om samhandling, samarbeid og barnekoordinatorordninga.

Vi har invitert fleire tenester til å dele sine erfaringar med å jobbe på tvers av tenesteområde, og kva strukturar dei har etablert for å få dette til. To kommunar vil dele korleis dei har starta arbeidet med den førebyggande planen heimla i barnevernlova § 3-1. Fleire av innlegga gjev døme på korleis ulike tenester arbeidar for å støtte og gi hjelp til barn og unge med psykiske helseplagar og lidingar. Vi vil òg rette merksemda på arbeidet med barn og familiar med minoritetsbakgrunn, og høyre innlegg om migrasjonshelse og dei nye føresegnene i tolkelova.    Les meir i programmet her.

Praktisk informasjon

For å delta på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida. Det er gratis å delta. Lenkje til Teams-møtet blir sendt ut 5. desember.

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, i Teams-møte og kan delast med medarrangørar. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
7. desember 2022 09.00 - 15.00
Sted:
Teams - lenkje blir sendt ut til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Alle i Vestland som møter barn, unge og foreldre i sin arbeidskvardag. Dette gjeld tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, kommunepsykologar, fastlegar, familietenesta, Nav, rehabilitiering, heimeteneste, BUP, flyktningtenesta og andre tenester med tiltak retta mot utsette barn.
Påmeldingsfrist:
5. desember 2022 10.00