Rådgjevande eining i russaker

Dato:
29. november 2022 09.00 - 11.30
Sted:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvaltaren i Rogaland og KORUS Bergen
Målgruppe:
Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
25. november 2022 23.59

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland inviterer i samarbeid med KORUS Bergen interesserte kommunar til eit digitalt informasjonsmøte den 29. november frå klokka 09.00 – 11.30.

Publisert 02.11.2022, Oppdatert 07.11.2022

Som avtalt i webinaret 13. september i år, inviterer vi til nytt møte for informasjon og svar på spørsmål med utgangspunkt i Helsedirektoratets informasjonsskriv 10. oktober 2022. Seniorrådgjevar Olav Oxholm frå Helsedirektoratet deltek i møtet. Vi vil også invitere kommunar som har motteke saker, til å dele erfaringar. 

Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg. Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon. Dette omfattar også å gjennomføre ein ruskontroll dersom dette er sett som vilkår.

I samband med den varsla førebyggings- og behandlingsreforma som Regjeringa vil innføre frå 2023 er det varsla at dei rådgjevande einingane kan verte pålagt fleire oppgåver.

Les meir i informasjonsskrivet frå Helsedirektoratet (oppdatert 10. oktober 2022),og i nyhendesak hos Regjeringa.

For å delta på samlinga må du melde deg på via skjemaet under. Lenkje til Teams-møte blir sendt ut seinast dagen før møtet

Dato:
29. november 2022 09.00 - 11.30
Sted:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvaltaren i Rogaland og KORUS Bergen
Målgruppe:
Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
25. november 2022 23.59