Økonominettverket 2022

Dato:
15. november 2022 11.30 - 16. november 2022 12.30
Sted:
Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Økonomisjefar/rekneskapsmedarbeiderar/revisjon
Påmeldingsfrist:
28. oktober 2022 18.00

Økonominettverket 2022 blir gjennomført i Bergen, 15. og 16. november på Scandic Ørnen. Hovudtema blir inntektssystemet, og styring- og plansystem.

Publisert 07.10.2022

Samlinga startar med lunsj den 15. november og vert avslutta med lunsj den 16. november.

Sigmund Engdal frå KS, vert innleiar på det første temaet og vil snakke om inntektssystemet, prognosemodellen og andre modellar. I tillegg skal det også vere ein bolk med finansforvaltning som blir innleia av Kommunalbanken.

På dag to er temaet verksemdstyring og plansystem. Øystein Høyvik frå KS skal innleie. Det blir  innlegg frå ulike kommunar begge dagar. På slutten av dag to skal vi høyre litt om bustadsosiale handlingsplanar. Programmet er ikkje heilt klart men blir publisert om ikkje så lenge.

Målgruppe for samlinga er økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar, og eventuelt revisjon i Vestland fylke. Vi håpar at nettverket kan vere eit forum for kommunane til å bli kjende med kvarandre, få faglege oppdateringar, erfaringsutveksling og gode diskusjonar om kommuneøkonomien i Vestland.

Pris for deltaking på heile samlinga blir omlag kr 3 300 per person i enkeltrom. Om du vil delta berre på dagtid er dagpakkeprisen 670 kroner. (dagpakkepris på dag 1 kan bli litt høgare). Middag onsdags kveld kjem i tillegg og kostar 450 kroner. 

For at dette skal bli enklast mogleg for alle, må kvar enkelt betale for seg ved utsjekk.

Påmeldingsfristen er ute.

Dato:
15. november 2022 11.30 - 16. november 2022 12.30
Sted:
Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Økonomisjefar/rekneskapsmedarbeiderar/revisjon
Påmeldingsfrist:
28. oktober 2022 18.00

Kontaktpersoner