Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
10. november 2022 08.30 - 15.30
Sted:
Hotel Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
2. november 2022 09.42

Det blir samling i Bergen den 10. november. Samling med tilsvarande program blir arrangert på Skei i Sunnfjord den 17. november slik at du kan velje kva samling som passar best for deg å delta på. 

Publisert 05.09.2022, Oppdatert 03.11.2022

Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet. 

Korleis identifiserer vi dei som har rett på kvalifiseringsprogram? Korleis lagar vi eit godt program, og korleis følger vi opp deltakarane best mogleg? Ei prosjektgruppe i regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett nærare på dette, og dei har utvikla ei kompetansepakke med verktøy for praktisk bruk ute i Nav-kontora.

Ilirjana Nezeri frå Nav Larvik og Christine Sjøholm frå Nav Færder har vore med i prosjektgruppa, og på denne samlinga vil dei presentere verktøya. Vi vil også snakke om korleis vi kan nå ut med informasjon til personar som kan ha rett på kvalifiseringsprogram

Programmet finn du under «Dokument».

Vi legg til rette for erfaringsdeling.

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis.

Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir, kan få dekka overnatting frå 9. til 10. november. Meld frå i påmeldingsskjemaet om du treng overnatting, så vil vi ordne med bestilling og betaling.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Kjerstin-Mari Holm Carlsen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
10. november 2022 08.30 - 15.30
Sted:
Hotel Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
2. november 2022 09.42