Digital studiereise til tre ysteri

Dato:
17. november 2022 10.00 - 14.30
Sted:
Zoom - lenke blir sendt påmelde deltakarar dagen før
Arrangør:
Sogn og Fjordane Landbruksselskap utført av Statsforvaltaren i Vestland og i samarbeid med faglaga
Målgruppe:
Mjølkebønder og gardsysteri i Vestland (fortrinnsvis)

La deg inspirere av gardsysteri som deler sine erfaringar i møte med marknaden og vegval.

Publisert 28.10.2022

Webinaret gir deg inspirasjon, innsikt og kunnskap om kva marknad og vegval som kan vere strategisk gode for ei berekraftig drift.

Vi har invitert tre gardsysteri, som ligg spreidde rundt i Noreg, til å inspirere mjølkebønder og ysteri i Vestland om kva moglegheiter det ligg i val av forretningsidè og strategi for drift av ysteri. Osteperler ved Jan Peter Aursnes gir deg råd med på vegen til korleis orientere seg i kva type ost(ar) marknaden etterspør og til avslutning får Kompetansenettverk Lokalmat Vest ved Aud Slettehaug fortelje deg korleis du kan nytte deg av nettverket ditt på vegen til din posisjon i marknaden.

Ragna Kronstad er engasjert til å ta praten med ysteria. Ho er utdanna agronom og journalist, og er styremedlem i Norsk Gardsost. Ho driv no besøksgarden Sørli gard for Oslo kommune og har tidlegare ysta på Kongsgården. Ho har mellom anna jobba i Noregs Bondelag, Økologisk Norge og Stiftelsen Norsk Mat (tidl. Matmerk).

Deltakaravgift kr. 359,- pr. gard/ysteri. Påmeldingsfrist tysdag 15.11.22 

Dato:
17. november 2022 10.00 - 14.30
Sted:
Zoom - lenke blir sendt påmelde deltakarar dagen før
Arrangør:
Sogn og Fjordane Landbruksselskap utført av Statsforvaltaren i Vestland og i samarbeid med faglaga
Målgruppe:
Mjølkebønder og gardsysteri i Vestland (fortrinnsvis)