Fagdag med tema samvær etter barnevernlova

Dato:
21. oktober 2022 09.30 - 14.30
Sted:
Høgskulen på Vestland, campus Stord, Klingenbergvegen 4, rom UND300
Arrangør:
Prosjektet «Til fosterbarnets beste- saman om å styrke fosterheim og foreldreheim» i lag med Statsforvaltaren
Målgruppe:
tilsette i kommunale barnevernstenester i Vestland
Påmeldingsfrist:
12. oktober 2022 23.59

Bjørnafjorden og Sunnhordland interkommunale barnevernteneste inviterer, i  samarbeid med Statsforvaltaren, til fagdag 21. oktober på Stord.

Publisert 04.10.2022

Det har skjedd mykje på barnevernsfeltet i kjølvatnet av dommane i den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og Høgsterett. Retten til familieliv har fått eit auka fokus og fleire barn opplever auke i samvær. For mange barn og familiar er dette ei rett og ei positiv utvikling. Samtidig ønskjer me å halde fokus på korleis barnevernstenestene kan hindre at me går i ei ny «grøft» og vedtar samværsavtalar som ikkje er til barnets beste.

Bjørnafjorden barnevernteneste, Sunnhordland interkommunale barnevernteneste og Høgskulen på Vestlandet samarbeider om eit utviklingsprosjekt, med tittelen «Til fosterbarnets beste- saman om å styrke fosterheim og foreldreheim Dette prosjektet skal arrangere ein fagdag for tilsette i deltakarkommunane, og ønskjer også andre interesserte frå barnevernstenestene i Vestland velkommen til å delta på samlinga.

Tema for fagdagen

Har vi fått ein ny praksis kring utmåling av samvær og kontakt mellom biologiske foreldre og barn i kjølvatnet av EMD- og Høgesterettsdommane? Vi ser på den nye barnevernlova og artikkel 8 i Barnekonvensjonen om retten til familieliv. Vi vil diskutere korleis vi som barnevernstenester kan unngå å gå i ein ny «grøft», og lage gode samværsavtaler som er til barnets beste. Vi vil også legge til rette for erfaringsdeling kring ulike samværsordningar, og dokumentasjon av de vurderingane vi gjer i samband med samvær. Vi vil også rette merksemda mot korleis barnevernstenestene samarbeider med foreldra om gjennomføring av samvær, og dele erfaringar med å ha tilsyn under samvær.

Førelesarar er høgskulelektorar Hege Sundt og Karen Reimers frå Høgskulen på Vestlandet.

Det blir lagt opp til forelesning og gruppearbeid under fagdagen.

Om førelesarane

Karen Reimers er høgskulelektor/jurist ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Ho underviser på bachelor i sosialt arbeid og vernepleiarutdanninga, med hovudfokus på rettsområda generell og spesiell forvaltningsrett, juridisk metodelære, barnevernsrett, sosial og helserett, medrekna tvangslovverket. Ho har også fagansvar og underviser på vidareutdanninga i helse- og velferdsforvaltning, og master i barnevernsarbeid. Ho har mange års erfaring frå Statsforvaltaren, med mellom anna klagebehandling, tilsyn med helse- og omsorgstenesta, undervisning og opplæring.

Hege Sundt er høgskulelektor på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, og underviser på barnevernspedagogutdanninga og på vidareutdanninga «Vurdering av barnets beste». Ho er utdanna sosionom med master i sosialt arbeid, og har lang erfaring frå barnevernsfeltet, og då spesielt fosterheimsarbeid. Ho er redaktør og artikkelforfattar av Fosterhjemshåndboka (Kommuneforlaget), der ny utgåve under utarbeiding.

Praktisk informasjon

For å delta på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida. Vi har plass til 70 deltakarar frå andre kommunar. Det kostar 300 kroner per deltakar å delta på fagdagen, og dette inkluderer lunsj. Dei som melder seg på vil få tilsendt faktura per e-post.

Ved praktiske spørsmål om konferansen kan ta kontakt med Marianne Kannelønning, som du finn under «Ekstern kontaktperson».

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med medarrangør og konferanselokale. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».

Dato:
21. oktober 2022 09.30 - 14.30
Sted:
Høgskulen på Vestland, campus Stord, Klingenbergvegen 4, rom UND300
Arrangør:
Prosjektet «Til fosterbarnets beste- saman om å styrke fosterheim og foreldreheim» i lag med Statsforvaltaren
Målgruppe:
tilsette i kommunale barnevernstenester i Vestland
Påmeldingsfrist:
12. oktober 2022 23.59

Kontaktpersoner

Ekstern kontaktperson