Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
14. september 2022 12.30 - 15.15
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
13. september 2022 15.00

Samlinga blir på Teams og det overordna tema er barneperspektivet i økonomisk rådgjeving.

Publisert 16.08.2022, Oppdatert 02.09.2022

Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.

Program

På denne samlinga får vi innlegg om bustadsosialt arbeid og bustadøkonomiske verkemiddel ved May-Brit Nordås hjå Statsforvaltaren og Iris Linchausen frå Husbanken. I tillegg skal Ingelin Klubben Berg og Ingrid Sælensminde fortelje om Leveårsteamet ved Nav Askøy. Det blir høve til å stille spørsmål etter kvart innlegg.

Påmelding og oppkoplingslenkje

Påmelding til samlinga skjer via skjema under. Stadfesting på melding sender vi til e-posten du har registrert i skjemaet. Påmeldingsfristen er tysdag 13. september klokka 15.00.

Ved å melde deg på, samtykker du til at navn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møte og i Outlook-invitasjonen. Ler meir om personvern under «Lenkjer».

Innan onsdag 14. september klokka 12.00 sender vi ut møteinnkalling med oppkoplingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert. 

Dato:
14. september 2022 12.30 - 15.15
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
13. september 2022 15.00