Landbruket i Vestland mot år 2030 – Landbrukskonferansen 2022

Dato:
6. september 2022 10.30 - 7. september 2022 14.30
Sted:
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Vestland
Målgruppe:
Kommunar og organisasjonar
Påmeldingsfrist:
19. august 2022 23.59

Verdien av å produsere mat skal på dagsorden på landbrukskonferansen for Vestland i september. Å ta vare på matjorda og bøndene utgjer fundamentet for ei positiv utvikling.

Publisert 24.06.2022

6.–7. september arrangerer Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge Vestland landbrukskonferanse i Førde.

Gjennom to dagar skal kommunar og andre med interesse for landbruk få auka kunnskap og inspirasjon gjennom innlegg, diskusjonar og idéutveksling. Det vert også god tid til å byggje nettverk, snakke med gamle kjente og møte nye samarbeidspartnarar.

Hovudtema for konferansen er rekruttering, kompetanse, jordvern og mattryggleik. Du får også innsikt i andre landbruksfaglege tema.

Pris: 2510 kroner

Påmelding

Deltek
0900: Parallellsesjon A
1000: Parallellsesjon B
1115: Parallellsesjon C

De betaler direkte til hotellet ved utsjekking for dagpakke/overnatting e.l.

Dato:
6. september 2022 10.30 - 7. september 2022 14.30
Sted:
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Vestland
Målgruppe:
Kommunar og organisasjonar
Påmeldingsfrist:
19. august 2022 23.59