Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (1 av 4 i serie)

Dato:
7. juni 2022 09.00 - 11.00
Sted:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunar og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
Påmeldingsfrist:
6. juni 2022 23.59
Ill.bilete - Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024)
Ill.bilete - Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD.

Statsforvaltaren i Vestland og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) inviterer til det første av fire webinar om bustad og tenester til personar med rus- og/eller psykiske helseutfordringar.

Publisert 21.04.2022

Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.

Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse.

Webinarserien består av fire webinar i perioden juni til desember 2022, og er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er ønskjeleg at kommunane deltek på alle fire webinar, men det er likevel høve til å delta på enkeltwebinar.

Kommunane får høve til å melda inn ønskje om tema vi bør komma nærare inn på gjennom webinara. 

Påmelding til første webinar 7. juni skjer via skjema nedst på denne sida.

Program webinar 7. juni

Tema: Utfordringsbiletet innan rus, psykisk helse, bustad og tenester

09:00    Nasjonale føringar v/Lars-Marius Ulfrstad, seksjonsleiar, Statsforvaltaren i Vestland

09:20    Sett frå kommunane sin ståstad. Kva fungerer godt, kva er utfordringane og kva tankar har de om løysningar? v/tre kommunar

10:00    Utfordringsbiletet, kva seier forskinga? v/Inger-Lise Skog Hansen, seniorforskar ved FAFO (Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning)

10:45    Vegen vidare v/statsforvaltaren og NAPHA


Kontaktpersonar:

Jorunn Fotland, Statsforvaltaren i Vestland, e-post: jofot@statsforvalteren.no, tlf 994 80 414
Astrid Tveit, Statsforvaltaren i Vestland, e-post: fmsfatv@statsforvalteren.no tlf. 57 64 31 73
Anne B. Fjelnseth, NAPHA, e-post: anne.fjelnseth@samforsk.no, Tlf 906 47 313.

Påmelding webinar 7. juni 2022

Dato:
7. juni 2022 09.00 - 11.00
Sted:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunar og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
Påmeldingsfrist:
6. juni 2022 23.59