Presentasjon: «Klimagassutslepp frå jordbruk i Vestland- Status og potensiale for reduksjon»

Dato:
21. juni 2022 12.00 - 13.30
Sted:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunane

Korleis er det mogleg å redusere klimagassutsleppa i jordbruket i Vestland? NIBIO presenterer resultat frå kartlegging og syner mogelegheiter på nettmøte tysdag 21. juni.

Publisert 25.05.2022

Landbruket inngjekk i 2019 ei avtale med regjeringa om å redusere klimagassutsleppa. Ein føresetnad for avtalen er at matproduksjonen skal oppretthaldast. Vestland er eit grasfylke, og husdyrproduksjonen er ei særs viktig næring. NIBIO og NMBU har nokre forslag til reduserte klimautslepp, som dei vil presentere innan følgjande tema:

  • Meir klimavenleg og berekraftig fôring, avl og friskare husdyr
  • Betre bruk av gjødsla og god agronomi

NIBIO har fått støtte frå Statsforvaltaren i Vestland til å kartlegge klimagassutslepp frå jordbruket i Vestland og sjå på moglegheitene for å redusere utsleppa. Prosjektet er utført i samarbeid med NMBU. Synnøve Rivedal v/NIBIO og Bente Aspeholen Åby v/NMBU presenterer resultata i eit nettmøte.

Meld deg på i skjema nedanfor. Du får tilsendt lenke til møtet dagen før.

Påmeldinga er stengt.

 

Dato:
21. juni 2022 12.00 - 13.30
Sted:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunane