Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet på Skei i Jølster 9. juni

Dato:
9. juni 2022 09.00 - 15.30
Sted:
Thon Partner Hotel Skei, Jølster
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
25. mai 2022 12.00

Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet. Samling med tilsvarande program blir arrangert på Statens hus i Bergen 2. juni slik at du kan velje kva samling som passar best for deg å delta på.

Publisert 02.05.2022, Oppdatert 25.05.2022

Innhaldet i denne samlinga blir todelt. Først vil Karine Menes Helset frå Statsforvaltaren informere om verjemålsordninga. Etterpå ser vi på korleis rettleiarar kan bruke narrativ tilnærming i oppfølging av deltakarar i kvalifiseringsprogrammet.

Du finn programmet for samlinga i høgremargen.

Vi legg til rette for erfaringsdeling.

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis.

Deltakarar som har reiseveg på 3 timar eller meir, kan få dekka overnatting frå 8. til 9. juni. Meld frå i påmeldingsskjemaet om du treng overnatting, så vil vi ordne med bestilling og betaling.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Kjerstin-Mari Holm Carlsen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar, vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.

Dato:
9. juni 2022 09.00 - 15.30
Sted:
Thon Partner Hotel Skei, Jølster
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
25. mai 2022 12.00