Kurs i saksbehandling i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Dato:
21. juni 2022 09.00 - 14.00
Sted:
Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Dagleg ansvarleg for tenester/ansvarlege for utarbeiding av vedtak om bruk av tvang og søknad om dispensasjon
Påmeldingsfrist:
15. juni 2022 23.59

Vi inviterer til digitalt grunnkurs i saksbehandling ved bruk av tvang etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.  

Publisert 25.04.2022

Statsforvalteren i Vestland inviterer helsepersonell som jobbar i fylkets kommunale helse- og omsorgsteneste til kurs om saksbehandling ved bruk av tvang etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Kurset er relevant for dei som er ansvarlege for utarbeiding av vedtak og dispensasjonar, og dei som utarbeider desse.

Endeleg program blir lagt ut her når det er klart.  

Vi har 300 plassar. Vi tilrår særleg at helsepersonell med ein funksjon som gjer at dei kan dele det dei lærer på kurset vidare i verksemda deltek. Dersom de planlegg å sitte fleire i lag og følgje samlinga, så treng ikkje alle å melde seg på.

Send oss problemstillingar

Vi oppfordrar dykk til å sende inn problemstillingar på førehand. Problemstillingar kan du sende til Ørjan Moldestad eller Elisabeth Larsen (trykk på namnet under «Kontaktpersonar» for å få opp e-postadresse). Skriv «Problemstillingar til kurs for kapittel 9» i emnefeltet. Fristen er 1. juni. 

For å delta på samlinga må du melde deg på via påmeldingsskjemaet nedst på denne sida. Lenkje til oppkopling blir sendt deg seinast dagen før samlinga. Frist for påmelding er 15. juni.

Dato:
21. juni 2022 09.00 - 14.00
Sted:
Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Dagleg ansvarleg for tenester/ansvarlege for utarbeiding av vedtak om bruk av tvang og søknad om dispensasjon
Påmeldingsfrist:
15. juni 2022 23.59