Kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar

Dato:
5. mai 2022 09.00 - 6. mai 2022 15.00
Sted:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
19. april 2022 23.59

5.-6. mai blir det kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta våren 2022. Programmet for samlinga er klart og fristen for påmelding er 19. april.  

Publisert 25.02.2022, Oppdatert 07.04.2022

Det er ønskjeleg at alle som har turnus i kommunale helse- og omsorgstenester våren 2022 deltek. For å delta må du melde deg på i skjemaet nedst på sida. Frist for påmelding er 19. april. 

Tidsramme for samlinga er frå klokka 09.00 torsdag 5. mai til klokka 15.00 fredag 6. mai. 

Programmet finn du under «Dokument».

Reiserekning

Statsforvaltaren dekkjer opphald og reise etter rekning.

Reiseutgifter blir refundert gjennom at de sender reiserekning til oss i etterkant. Vi ber om at de så langt som råd, vel billegast mogleg transport, og ikkje fly. De kan reise med eigen bil, og la gjerne ein eller fleire kollega sitje på.

Det går også båt tur-retur Bergen-Sogndal. 

Sjå rettleiar for utfylling av reiserekning, som du finn under «Dokument».

Påmelding

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at vi kan dele informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer.» 

Dato:
5. mai 2022 09.00 - 6. mai 2022 15.00
Sted:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
19. april 2022 23.59