Fagseminar «Kan vipa reddast?»

Dato:
17. mars 2022 09.00 - 15.30
Sted:
Herdla Museum
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og BirdLife Hordaland
Målgruppe:
Bønder, vipeentusiastar, kommunar
Vipe på Herdla. Foto Lars Ågren
Vipe på Herdla. Foto Lars Ågren

Statsforvaltaren og BirdLife Hordaland inviterer bønder og vipeinteresserte til seminar om vipa i jordbrukslandskapet torsdag 17. mars. Seminaret set søkelys på den kritisk trua vipa. Finst det effektive tiltak som kan ta vare på eller betre tilhøva for vipa? 

Publisert 20.01.2022

I november 2021 kom ei ny rødliste for trua artar i Noreg. Vipa har no tatt steget i feil retning, og er av ekspertkomiteen blitt vurdert som kritisk trua (CR).

BirdLife Hordaland har sidan 2015 hatt prosjektet «Vern vipa i Hordaland», gåande. Dette er eit samarbeid mellom vipebønder i fylket og fuglefolk i foreininga. For å motivere og bidra til å heve kunnskapen om vipa, inviterer prosjektgruppa saman med Statsforvaltaren i Vestland, til eit fagseminar om vipa.

Seminar om vipa i jordbrukslandskapet

Seminaret vil ha faglege innlegg, og i tillegg vil vi setje av god tid til dialog. Etter seminaret inviterer vi til tur i reservatet, kor vipene er i gang med kurtise, song og spel. I 2021 var det 30 reir i naturreservatet, og mange viper vil no vende tilbake til den same hekkeplassen.

Det vil bli foredragshaldarar frå Universitet i Oslo og Bergen, samt NIBIO. BirdLife Hordaland vil orientere om prosjektet «Vern vipa i Hordaland» og konkrete tiltak for å redde vipa i naturreservatet. Statsforvaltaren vil orientere om vern og støtteordningar for tiltak.

Seminaret blir arrangert både fysisk og som webinar. Påmeldingsfrist for fysisk møte er ute, men du kan framleis melde deg på webinaret. 

Påmeldingsfrist webinar er 16. mars.

Seminaret er gratis.

 

Vipeseminar - påmelding digital deltaking

Eg er kjent med at møtet vert tatt opp