Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
10. mars 2022 09.00 - 13.00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
9. mars 2022 12.00

Målet med denne samlinga er å drøfte resultat for kvalifiseringsprogrammet frå 2021, og mål for 2022. Vidare kjem MENTRA og har innlegg om kven dei er og kva dei kan tilby Nav av råd og rettleiing.

Publisert 03.02.2022, Oppdatert 18.02.2022

Vi arrangerer samlinga i samarbeid med Nav Vestland.

Program for samlinga

I Arbeids- og velferdsdirektoratet, er det Elisabeth Munch-Ellingsen som er ansvarleg for kvalifiseringsprogrammet. Ho presenterer tal og resultat frå 2021. Vi legg deretter til rette for erfaringsutveksling i grupper.

MENTRA kjem og har innlegg. Dei jobbar ved Nav Grünerløkka med saker om radikalisering og ekstremisme, særskilt med rettleiing overfor Nav-tilsette. Dei jobbar mellom anna med råd og rettleiing når det gjeld menneskehandel, negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og radikalisering. Vi legg til rette for spørsmål og drøfting etter innlegget til MENTRA.

Målgruppe og mål for samlinga

Denne samlinga er for deg som arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Målet med nettverkssamlinga er mellom anna erfaringsutveksling om kvalifiseringsprogrammet på tvers av Nav-kontor i fylket. Målet er også å auke kompetansen når det gjeld radikalisering og ekstremisme, og bli betre kjent med kva MENTRA kan tilby.

Samlinga er gratis. Innan 9. mars klokka 17.00 sender vi innkalling til samlinga som Teams-møte til dei som har meldt seg på.

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møte og i ein Outlook-invitasjon. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
10. mars 2022 09.00 - 13.00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
9. mars 2022 12.00