Kurs i akuttmedisin for LIS1 Helse Førde

Dato:
9. mars 2022 08.30 - 10. mars 2022 15.30
Sted:
Førde Sentralsjukehus
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
2. mars 2022 00.00

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i mars 2022 og er ei blanding av teori og praksis.

Publisert 08.02.2022

Påmelding og informasjon finn de i Læringsportalen til Helse Førde. Merk at de må registrere dykk som bruker dersom det er første gong de logger inn i læringsportalen. Som tilsett i kommunehelsetenesta må de velgje kommunesektor Sogn og Fjordane under «organisasjon» for å få tilgang til rett kurs. Kurset finn de i kurskatalogen. Utfyllande informasjon om kurset og korleis de loggar på læringsportalen finn de på Helse Førde si heimside

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin før oppmøte. Lenke til kurset litt under "kursets målbeskrivelse" i Læringsportalen til  Helse Førde. 

Reiseutgifter

Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting ved behov. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. Du må sjølv legge ut for dette, og føre det på reiserekninga. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning. 

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.

Dato:
9. mars 2022 08.30 - 10. mars 2022 15.30
Sted:
Førde Sentralsjukehus
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
2. mars 2022 00.00