Webinar om Housing First: Inkludering i nabolag og arbeidsliv

Dato:
17. februar 2022 13.00 - 14.30
Sted:
Teams
Arrangør:
NAPHA, Husbanken, Bergen kommune, Statsforvaltarane i Vestland, Rogaland og Nordland
Målgruppe:
leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar i Housing First og deira pårørande, og andre som er interessert i å læra meir om Housing First

Vi har gleda av å invitere til ny samling i webinarrekka om Housing First den 17. februar. Alle er velkomne til å delta.

Publisert 13.01.2022

I dette webinaret skal vi høyre om Individuell Jobbstøtte (IPS) og inkludering i nabolag. Webinaret kan vera like relevant for arbeid med vanskelegstilte generelt.

Den nederlandske sosialarbeidaren og inspiratoren Rokus Loopik er også med, og vil fortelje om suksessen med konseptet The Living Museum, der menneske med psykiske utfordringar opplever betring ved å uttrykkje seg gjennom kunst.

Alle er velkomne til å delta. Webinaret er frittståande og krev ingen forkunnskap.

Webinaret vil gå føre seg på Teams, og innkalling blir sendt ut i forkant til påmelde deltakarar. Påmeldingsfrist er 14. februar. 

På nettsida til NAPHA finn du påmeldingsskjema. 