Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
15. februar 2022 09.00 - 13.15
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve

Samlinga blir på Teams, og det vert innlegg både ved Namsfogden, Politiet og Statsforvaltaren.

Publisert 02.02.2022, Oppdatert 02.02.2022

Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.

Program

Statsforvaltaren vil halde innlegg om forsvarleg tildeling av tenesta økonomisk rådgjeving etter sosialtenestelova paragraf 17.

Namsfogden i Bergen vil seie litt om felles namsmynde og handsaming av gjeldsordning i Vestland fylke. Dei vil også komme inn på støytandevurderinga etter gjeldsordningslova § 1-4 om nyleg stifta gjeld og høge straumprisar ved pågåande, og søknad om, gjeldsordning.

Vest politidistrikt vil presentere korleis dei arbeider systematisk med å forebygge partnarvald/vald i nære relasjonar, korleis økonomi verkar inn på partnarvalden og korleis Nav kan vere med å forebygge denne valden.

Det blir høve til å stille spørsmål til alle innlegga.

Vi tek atterhald om eventuelle endringar i tidsramma eller programmet.

Påmelding og oppkoplingslenkje

Påmelding til samlinga skjer via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sender vi til e-posten du har registrert i skjemaet. 

Påmeldingsfristen er 14. februar 2022 kl. 15.00.

Vi sender ut møteinnkalling med oppkoplingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert seinast tysdag 15. februar klokka 08.30.

Dato:
15. februar 2022 09.00 - 13.15
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve