Informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung

Dato:
13. januar 2022 10.00 - 12.00
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Oppdrettsnæring og kommunar
Havnespy er kolonidannande, dvs. ei samling av mange individ. Der den slår seg til, har den ei teppeliknade utbreiing som kveler andre organismar.
Havnespy er kolonidannande, dvs. ei samling av mange individ. Der den slår seg til, har den ei teppeliknade utbreiing som kveler andre organismar. Foto: Havforskningsinstituttet.

Statsforvaltaren inviterer til informasjonsmøte for oppdrettsnæringa og kommunar om havnespy/japansk sjøpung torsdag 13. januar. Møtet blir digitalt. 

Publisert 10.12.2021

Rogaland og Vestland har fått ein ny marin framand art som potensielt kan skape problem for norsk marin flora og fauna – og for m.a. oppdrettsnæringa. Arten Didemnum vexillum er eit kolonidannande sekkdyr som kjem frå Japan og har fått tilnamnet havnespy.

Havnespy vart først oppdaga i Noreg i Engøysundet i Stavanger i slutten av 2020, og seinare i Haugesund/Karmøy-området. No er den oppdaga fleire stader i området rundt Hanøytangen på Askøy utanfor Bergen. Det er grunn til å tru at den òg kan finnast fleire stader langs kysten enn der den har blitt funnen så langt.

Havnespy kan formeire seg raskt, og spreier seg via skips- og båttrafikk, teiner, tauverk og anna utstyr som står i sjøen. 

Invitasjon til informasjonsmøte

Vi ser på situasjonen med stort alvor, og ønskjer å informere oppdrettsnæringa på vestlandet om arten og trugselen den representerer. Vi inviterer difor til eit felles informasjonsmøte på teams torsdag 13. januar 10.00-12.00. Informasjonsmøtet kan òg vere aktuelt for kommunar.

Kort om programmet

Havforskningsinstituttet vil informere om kva havnespy er, kvar er den funnen tidlegare, kvifor den er ein trugsel, korleis arten spreier seg og kva kan gjerast for å hindre spreiing. 

Statsforvaltaren vil snakke om forvaltninga si rolle i denne type saker, kva ansvar har ein om ein oppdagar havnespy på nøter, båtar osv. og kva som kan gjerast. 

Påmeldingsfrist: 10. januar.

Webinaret er gratis. 

Du får tilsendt lenkje til møtet i forkant av webinaret. 

Dato:
13. januar 2022 10.00 - 12.00
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Oppdrettsnæring og kommunar