Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
24. november 2021 09.10 - 15.00
Sted:
Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
9. november 2021 23.59

Tema for denne samlinga er kartlegging. Ver merksam på oppdatert informasjon om stad for arrangementet. 

Publisert 22.01.2021

Ver merksam på at nettverkssamlinga denne gongen er i selskapslokalet til Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1 i Bergen sentrum. Vi har dessverre ved ein feil tidlegare opplyst om Grand hotell Terminus, dette er ikkje møtestad og vi ber dykk om å sjå vekk frå dette. 

Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet (KVP).

Programmet

Vi får innlegg frå Nav Vestland ved Bodil Mydland om dei nye retningslinjene for §14a om arbeidsevnevurdering.

Vidare får vi innlegg frå Nav Bergen Nord og Nav Øygarden. Dei vil dele sine erfaringar og refleksjonar om kartlegging, i lys av arbeidet med "Tidleg intervensjon" og "Øygarden-modellen".

Det vert lagt opp til dialog og diskusjon i grupper av refleksjonsspørsmål rundt kartlegging.

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 23. – 24. november for deltakarar som har lang reiseveg; 3 timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet.

Samlinga går føre seg på Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1 i Bergen sentrum, og overnatting vert på nabohotellet Hotel Zander K.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Sunniva T. V. Skogen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.

Dato:
24. november 2021 09.10 - 15.00
Sted:
Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
9. november 2021 23.59