Regelverkssamlingar om barn og elevar med særskilte behov

Dato:
5. mai 2021 09.00 - 12.00
Sted:
Teams-møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Barnehagemyndigheit/skuleeigar/PPT
Påmeldingsfrist:
28. april 2021 00.00

Vi har gleda av å invitere deg til regelverkssamlingar om saksbehandling av saker om barn og elevar med særskilte behov, med fokus på spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning.

Publisert 22.03.2021

Samlingane er relevante for til dømes barnehagemyndigheit, skuleeigar og PPT-leiarar i Vestland som behandlar saker for barn og elevar med særskilte behov.

Vi vil gjennomføre tre ulike samlingar for ulike delar av saksbehandlinga:

  • Samling 05. mai – Saksbehandling før det gjerast vedtak, utforming av sakkunnig vurdering ol.
  • Samling 19. mai – Vedtak om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning
  • Samling 02. juni – Saksbehandling etter det er gjort vedtak, utforming av IOP, gjennomføring av vedtaket ol.

Du kan velje å melde deg på alle samlingane, eller berre den/dei du vurderer som relevant for deg og ditt arbeid.

Samlingane skal bidra til lik forståing og praktisering av regelverket. Vi vil gå gjennom innhaldet i reglane i opplæringslova kapittel 5, og barnehagelova kapittel 7, og sjå nærare på sentrale vurderingar og problemstillingar som saksbehandlarar i kommunane/skulane/barnehagane kan møte på når dei skal saksbehandle etter desse føresegnene. For å belyse dette vil vi trekke fram eigne erfaringar frå klagesaker som har vore til behandling hos oss som klageinstans, i tillegg til våre erfaringar frå tilsyn på feltet.

Samlingane blir gjennomførte på Teams. Innkallinga vil bli sendt til e-postadressa til dei som melder seg på. Møta har ei øvre grense på 250 deltakarar, og vi legg opp til førstemann til mølla. Dette kan føre til at vi må kutte ned på tal deltakarar, til dømes frå den enkelte kommune. I så tilfelle vil de få beskjed om dette.

Dei som ønsker å sende inn spørsmål i forkant kan skrive dei inn i påmeldingsskjemaet, eller sende dei på e-post til kontaktpersonen: fmholin@statsforvalteren.no.

Du finn påmeldingsskjema i høgre marg.

Påmeldingsfrist: 28. april 2021.

Nærare skildring av tema vil bli lagt ut på nettsida her i forkant av samlinga.

Vel møtt!

Dato:
5. mai 2021 09.00 - 12.00
Sted:
Teams-møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Barnehagemyndigheit/skuleeigar/PPT
Påmeldingsfrist:
28. april 2021 00.00