Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
28. april 2021 09.00 - 13.00
Sted:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
26. april 2021 23.59

På samlinga får vi innlegg frå Skatteetaten. Du kan melde deg på samlinga no. 

Publisert 22.01.2021, Oppdatert 12.04.2021

Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.

På samlinga får vi mellom anna innlegg frå Skatteetaten og divisjon innkreving etter at Statens innkrevingssentral, Nav Innkreving og skatteoppkrevjarane vart ein del av etaten. Dei vil og gå gjennom nokre særskilte problemstillingar knytt til innkrevjinga. 

Endeleg program for samlinga kjem. 

Om påmelding og oppkoblingslenkje

Påmelding til samlinga skjer kun via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sendast til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet. Det held ikkje å klikke på «+ Legg til i eigen kalender». Gjer du dette får du generert ei kalenderoppføring i Outlook, men dette er ikkje ei påmelding til nettverkssamlinga. 

Vi ber dykk merke dykk påmeldingsfristen som er 26. april 2021 kl. 23:59.

Statsforvaltaren sender ut møteinnkalling med oppkoblingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet seinast onsdag 28. april kl. 08.00.

Dato:
28. april 2021 09.00 - 13.00
Sted:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
26. april 2021 23.59