Webinar om refusjon

Dato:
25. mars 2021 09.00 - 11.00
Sted:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som skriv vedtak om refusjon etter sosialtenestelova paragraf 26 og fagansvarlege for dei sosiale tenestene.
Påmeldingsfrist:
23. mars 2021 23.59

Statsforvaltaren inviterer til digital opplæring om refusjon etter sosialtenestelova paragraf 26 den 25. mars. Vi har opna for påmelding.

Publisert 01.03.2021

Opplæringa

Målet med opplæringa er at deltakarane skal få kunnskap om korleis sakshandsame og skrive vedtak etter sosialtenestelova paragraf 26 i tråd med regelverket.

Vi går gjennom reglane for sakshandsaming og vilkår for å krevje refusjon. Opplæringa er digital i Teams. Vi legg grunn at de er kjent med rundskriv nummer 35 til sosialtenestelova. Lenkje til rundskrivet finn de under fana "Lenkjer". 

Opplæringa vert gjennomført på Teams. Linda Kråkenes og Sunniva Skogen frå Statsforvaltaren i Vestland held opplæringa.

Om påmelding og oppkoblingslenkje

Påmelding til samlinga skjer kun via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sendast til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet. Grunna utfordringar med oppkoplinga til digitale møter i Teams, oppfordrar vi dei som melder seg på, til å registrere @nav.no-eposten sin i påmeldingsskjemaet.

Vi ber dykk merke dykk påmeldingsfristen som er tysdag 23. mars 2021 kl. 23:59.

Statsforvaltaren sender ut møteinnkalling med oppkoblingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet seinast torsdag 25. mars kl. 08.00.

Merk at du berre kan melde deg på dette arrangementet ved å fylle ut skjemaet nedst på denne sida. Du vil då få ei stadfesting via e-post. Det held ikkje å klikke på «+ Legg til i eigen kalender».

Vi set i utgangspunktet ikkje eit tak for kor mange som kan delta frå kvart Nav-kontor, men ved mange påmelde kan dette bli nødvendig.

Dato:
25. mars 2021 09.00 - 11.00
Sted:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som skriv vedtak om refusjon etter sosialtenestelova paragraf 26 og fagansvarlege for dei sosiale tenestene.
Påmeldingsfrist:
23. mars 2021 23.59