Samling om ny integreringslov

Dato:
18. mars 2021 09.00 - 12.00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Sektorleiarar, einingsleiarar og programrådgjevarar
Påmeldingsfrist:
3. mars 2021 23.00

Det er vedteke ei ny integreringslov. Lova gjeld frå 1. januar 2021 og skal syte for at innvandrarar blir tidleg integrert i det norske samfunnet, og blir økonomisk sjølvstendige.

Publisert 09.02.2021

Statsforvaltaren i Vestland skal ha ei sentral rolle i å rettleie kommunane om ny integreringslov og tilhøyrande forskrifter. Målet med rettleiinga er å gje kommunane kompetanse om det nye regelverket, for å sikre at deltakarane får oppfylt sine rettar etter lova.

Vi planlegg å arrangere to digitale samlingar om den nye integreringslova i år. Tema for den første samlinga er ein gjennomgang av reglane i ny lov. I den andre samlinga vil vi gå nærare inn på utvalde problemstillingar, og kommunane vil få høve til å kome med innspel til tema til denne samlinga.

Den første samlinga blir gjennomført torsdag 18. mars 2021 frå 09.00 til 12.00 på Teams.

Samlinga vil vere relevant for sektorleiarar, einingsleiarar og programrådgjevarar. Vi set i utgangspunktet ikkje eit tak for kor mange som kan delta frå kvar kommune, men ved mange påmelde kan dette bli nødvendig.

Endeleg program blir sendt ut i god tid før samlinga.

Frist for påmelding er 3. mars 2021. Lenkje til påmelding finn de i høgre marg.

Dato:
18. mars 2021 09.00 - 12.00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Sektorleiarar, einingsleiarar og programrådgjevarar
Påmeldingsfrist:
3. mars 2021 23.00