Webinar bioenergi - lokalt skogsvirke som oppvarmingskjelde på garden

Dato:
15. mars 2021 10.00 - 11.30
Sted:
Digitalt møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge, Vestland Bondelag og Gardsvarmeprosjekt Vestlandet
Målgruppe:
I all hovudsak gardbrukarar, skogsentreprenørar, rådgjevingstenesta og andre interesserte.
Flisfyring er meir effektiv enn eit bål.

Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Gardsvarmeprosjekt Vestlandet i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge og Vestland Bondelag inviterer til fagleg påfyll.

Publisert 10.02.2021

Webinaret gjev ei kort innføring i gardsvarmeanlegg, tekniske løysingar, råstoff, investering, økonomi mm. Vi vil også vise ein liten film om ei vellukka løysing hjå ein lokal gardbrukar som har investert i flisfyringsanlegg. Dette varmar opp garden og bygg knytt til tilleggsproduksjon med flis frå eigen skog.

Innovasjon Norge vil informere om sine støtteordningar til gardsvarmeanlegg og anna. Individuell oppfølging og rådgiving på gardsnivå vil vere mogleg i etterkant av fagseminaret.

Landbruket er ein del av løysinga for klimautfordringane, så meld deg på fagseminaret måndag 15.mars.

Førebels program:

Statsforvaltaren  

Velkomen, køyrereglar for dette møtet  

Dirk Kohlmann

fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar  

10.00 – 10.05 

Vestland Bondelag

Landbruket, ein del av klimaløysinga

Gry Ingvild Agjeld

styremedlem

10.05 – 10.15

CH4 Engineering AS

Gardsvarmeanlegg: Tekniske løysingar, råstoff, investering, økonomi

Karl Ludvig Ådland

prosjektleiar

Gardsvarmeprosjekt Vestlandet

10.15 – 11.00

Film frå eit gardsbruk i Vestland som har investert i flisfyringsanlegg

Dirk Kohlmann

11.00 – 11.15

Innovasjon Norge

Støtteordningar knytt til bioenergi

Olve Sæhlie

finansieringsrådgjevar

11.15 – 11.30

Innspel, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs 

 

 

 

Påmelding som vanleg via våre nettsider.

Påmelding webinar bioenergi 15.mars

Dato:
15. mars 2021 10.00 - 11.30
Sted:
Digitalt møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge, Vestland Bondelag og Gardsvarmeprosjekt Vestlandet
Målgruppe:
I all hovudsak gardbrukarar, skogsentreprenørar, rådgjevingstenesta og andre interesserte.

Kontaktpersoner

Har du spørsmål om støtteordninga til Innovasjon Norge?

Gardsvarmeprosjekt Vestlandet