Webinar: Klimasmarte kommunar har klimasmarte planar

Dato:
17. desember 2020 09.00 - 10.15
Sted:
Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS
Målgruppe:
Politikarar og tilsette i kommunane, fylkeskommunar, anna offentleg forvalting

Kommunane er sentrale aktørar i det grøne skiftet og i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. I dette webinaret vil vi ha særleg fokus på korleis kommunar implementerer byggeaktivitet i sine planar.

Publisert 01.12.2020

Kommunane sine eigne føremålsbygg har ei viktig rolle som førebilete for andre utbyggjarar. Korleis dei vert utforma og bygd gjennom heile livsløpet, er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen.

Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS inviterer med dette til eit webinar for klimasmarte kommunar som ønskjer å satse på berekraftig bygg og meir bruk av tre i kommunane sine eigne formålsbygg. Oppgradering og transformasjon av eksisterande bygg er også eit viktig tema vi må ta tak i.

Alt startar med planprosessar i kommunane. Der skal det forankrast gode ambisjonar, strategiar og tiltak. Denne gongen vil vi ha særleg fokus på korleis kommunar implementerer byggeaktivitet i sine planar.

Vi ber om påmelding via skjemaet nedst på sida.

 

Velkomen  

Dirk Kohlmann, 

Tredriver Fylkesmannen i Vestland 

9.00 

Kommunale planar og innkjøp 

Rådalslien bofelleskap var i 2010 ein viktig erfaringspilot for Bergensregionen i å utvikle framtidsretta miljø- og energitiltak i tråd med kommunen sin klima- og miljøhandlingsplan. Er det samanheng mellom plan og praksis i norske kommunar? 

Asmund Bunkholt 

Dagleg leiar Trefokus AS 

9.05 - 9.15 

Klimagassrekneskap som verktøy 

Arendal er den første kommunen i landet med klimanøytral drift og har vore eiføregangskommune når det gjeld reduksjon av klimagassutslepp  

Ragnhild Hammer 

Klima- og miljørådgjevar - Arendal kommune 

9.15 - 9.30 

Forankring i og bruk av planprosessar 

I eit rettleiingshefte omtalar plan- og byggjeetaten i Oslo korleis dei vurderer klimakonsekvensar i planprosessar og korleis ein kan innfri klimakriteria. – Alle planar vert vurdert opp mot desse kriteria. 

Helene Egeland 

klimaleiar i plan- og bygningsetaten – Oslo kommune 

 

9.30 - 9.45 

Kompetansebygging for å finne fram til debeste løysingane 

FutureBuilt har som mål å få fram 50 forbildeprosjekt – både område og enkeltbygg – som skal redusere klimagassutsleppa med 50 prosent. 

Korleis jobbar FutureBuilt og kva har dei fått til? Kva inneheld FutureBuilt 2.0?  

Stein Stoknes 

Programleiar FutureBuilt 

9.45 - 10.00 

Ny idrettshall i tre i Fyresdal kommune 

Nøkkelferdig til 28 mill.kr, inkl. mva? Vi har laga ein film.

Kristin Vedum

Tredrivar Bygg i tre

10.00 - 10.10 

Avslutning 

  

10.15 

Påmelding 17.des

Dato:
17. desember 2020 09.00 - 10.15
Sted:
Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS
Målgruppe:
Politikarar og tilsette i kommunane, fylkeskommunar, anna offentleg forvalting

Kontaktpersoner

Trefokus AS