Kurs i forvaltningskompetanse i barneverntenesta

Dato:
6. november 2020 11.00 - 15.00
Sted:
digital samling
Arrangør:
Bufdir og Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i dei kommunale barneverntenestene

Bufdir vil auke forvaltningskompetansen i den kommunale barneverntenesta, og avdeling for barnerett inviterer derfor alle tilsette i barneverntenestene landet over til kurs med erfarne advokatar. Den fysiske samlinga er avlyst - kurset går digitalt. 

Publisert 06.11.2020

Hovudtemaet for dette 3-timars kurset er grunnleggjande forvaltningsforståing i eit rettsikkerhetsperspektiv, og det vil bli fokusert på krav til analytisk tilnærming, vurderingar og dokumentasjon. Kurset vil også ha fokus på oppfølgjingspunkter frå dommar avsagt i EMD og Høgsterett på barnevernfeltet.

Tilsette i barneverntenestene i Vestland kan delta på dette kurset på tre ulike måtar:

  • Som ein del av ein større fagkonferanse i Bergen 4.-5. november 2020
  • På dagskurs i Førde, ved Sunnfjord Hotell 6. november 2020
  • Som webinar 3. november 2020, mellom kl. 12:00 - 15:00

Her er lenke til påmelding til samlinga i Bergen 4. og 5. november.

Kommunane som ynskjer å delta på webinar kan sende ein e-post til kontaktpersonane til høgre, der de opplyser kven som er kontaktperson for dykkar teneste. De må også opplyse om kor mange frå tenesta som ynskjer å delta (dette gjeld ikkje Bergen kommune, dei har eigen avtale).

Dei som ynskjer å delta på samlinga i Førde den 6. november kan melde seg på under. 

Kursholdar i Førde er advokat Torhild Holth.

Kurset er gratis, deltakarane dekker reiseutgifter sjølv. Påmeldingsfrist: 20. oktober.

Tidsramma for kurset i Førde den 6. november er kl. 11.00 - 15.00.

Registrering og lunsj frå kl. 11.00 - 12.00. Sjølve kurset varer frå kl. 12.00 - 15.00.

Hotellet og arrangør vil følgje myndighetene sine anbefalingar for smittevern på offentlege arrangmenter og legge til rette for at deltakarane skal kunne følgje dei generelle smittevernreglane. Vi minner om at dersom du føler deg sjuk, eller mistenker at du kan være smitta av covid-19 skal du ikkje delta på samlinga. Er du i tvil kan du ta kontakt med arrangør. Vi tar forbehol om endringar dersom smittevernsituasjonen endrar seg.

Du finn meir informasjon om smittevern på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Dato:
6. november 2020 11.00 - 15.00
Sted:
digital samling
Arrangør:
Bufdir og Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i dei kommunale barneverntenestene

Kontaktpersoner