Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
13. februar 2020 09.00 - 15.00
Sted:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve

Fylkesmannen i Vestland held fram med å tilby nettverkssamlingar for økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav-kontora i fylket. På årets første samling skal vi arbeid med case, og vi får eit innlegg av "Selvhjelp Norge".

Publisert 06.01.2020

Det meste av tida på samlinga blir nytta til å arbeide i grupper med case basert på reelle saker som økonomiske rådgjevarar i Nav-kontora arbeider med. Målet er å oppnå læring ved at deltakarane «løyser saker», deler erfaringar og kunnskap. I tillegg får vi eit innlegg av distriktskontakten for «Selvhjelp Norge» i Vestland, som vil formidle informasjon og kunnskap om sjølvhjelpsgrupper og korleis dei kan vere til nytte for folk som strevar med gjeldsproblem. «Selvhjelp Norge» arbeider på oppdrag frå Helsedirektoratet og er eit nasjonalt kompetansemiljø. Sjå programmet i høgremargen for nærare informasjon om korleis dagen vert lagt opp.

Meld deg på via skjema nedst på sida. Når du har meldt deg på, får du med det same tilsendt kvittering på e-post om at du er påmeldt og har plass på samlinga. Påmeldinga er bindande. Om du likevel blir hindra frå å delta, må du gi beskjed til Elisabeth Lund-Iversen så snart som råd. Sjå kontaktinformasjon i høgremargen.

Oppmøte og registrering skjer i resepsjonen hjå Fylkesmannen på Statens Hus i Kaigaten 9 frå kl. 08.30. Samlinga er gratis, og det blir servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga.

Fylkesmannen bestiller og dekker kostnad med hotellovernatting for deltakarar som melder seg på innan påmeldingsfristen og som treng overnatting grunna svært lang reiseveg. Dei som har reiseveg på over tre timar frå heimen til Bergen sentrum, kan melde seg på med overnatting frå 12. – 13. februar dersom dei har behov for det. Du bestiller overnattinga i påmeldingsskjema og opplyser samstundes om reisetida di til Bergen. Overnattinga finn stad ved Hotel Zander K i Zander Kaas gate 8 like ved Jernbanestasjonen i Bergen sentrum. Dersom du er påmeldt med overnatting, men ikkje møter opp, vil Nav-kontoret bli fakturert for utgifta.

Fylkesmannen dekker ikkje reiseutgifter i samband med samlinga.

 

Dato:
13. februar 2020 09.00 - 15.00
Sted:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve

Kontaktpersoner

Dokumenter