Utgreier deling av Kinn kommune

Statsforvaltaren har fått oppdrag av kommunal- og distriktsministeren om å greie ut konsekvensane av ei deling av Kinn kommune. Utgreiinga skal sendast til kommunen seinast 5. august 2022. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.05.2022

Kinn kommunestyre gjorde i møte 10.02.2022 vedtak om at dei skulle søkje om utgreiing av deling av kommunen. Statsforvaltaren tilrådde i brev datert 08.03.2022 at Kommunal- og distriktsdepartementet avgjer at det etter inndelingslova skal setjast i gang ei utgreiing i tråd med vedtaket til kommunestyret.

Statsforvaltaren har i brev datert 16.05.2022 frå Kommunal- og distriktsministeren fått i oppdrag å sende utgreiinga om delinga til Kinn kommune.

Samstundes har kommunal- og distriktsministeren sendt brev til Kinn kommune om eit mogleg tidsløp. 

Eit eventuelt vedtak om deling av Kinn må gjerast av Kongen i statsråd.

Les meir i breva frå kommunal- og distriktsministeren.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.