Statsforvaltaren tilrår utgreiing av Kinn kommune

Statsforvaltaren tilrår at Kommunal- og distriktsdepartementet avgjer at det skal setjast i gang ei utgreiing om deling av Kinn kommune. Kommunestyret har søkt om at det blir gjort ei utgreiing av om kommunen skal halde fram, eller om kommunen skal delast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.03.2022

Statsforvaltaren legg i brevet til departementet fram relevant informasjon og fakta som kan vere eit grunnlag for ei avgjerd om det skal setjast i gang utgreiing av initiativet frå Kinn kommunestyre. Vidare skisserer vi kva hovudaktivitetar som kan vere aktuelle dersom departementet skulle avgjere at det skal gjennomførast ei utgreiing. Vi peikar også på kva tema ei eventuell utgreiing bør innehalde.

Statsforvaltaren har gjort ei førebels vurdering, og kome til at det er rett å tilrå at det vert gjennomført ei utgreiing. Vi legg vekt på at innbyggjarane og kommunestyret bør ha eit felles grunnlag for å meine og ta stilling til om Kinn kommune skal halde fram, eller om det er mest tenleg å dele kommunen.

Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som avgjer om det skal gjennomførast ei utgreiing. Les meir i brevet til KDD. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.