Rapport om konsekvensar ved deling av Kinn kommune

Kinn kommunestyre har vedteke å søkje om utgreiing av deling av Kinn kommune. Rådgjevings- og revisjonsselskapet BDO har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag om konsekvensar ved deling av kommunen. Rapporten er no ferdig, og blir i dag presentert i eit møte med kommunen.

Publisert 14.07.2022

Kommunal- og distriktsministeren gav i brev av 16.05.2022 Statsforvaltaren oppdrag om å greie ut konsekvensane av ei deling av Kinn kommune. Som eit ledd i dette arbeidet engasjerte Statsforvaltaren BDO til å utgreie (kunnskapsgrunnlag) om konsekvensane ved deling av Kinn kommune. Rapporten er no ferdig og blir presentert for Statsforvaltaren og Kinn kommune i eit Teams-møte 14. juli kl. 13.00. Presentasjonen er open for media, og journalistar som ønskjer å delta kan kontakte Statsforvaltaren ved Maria Nesse Haugen på e-post innan kl. 12 den 14. juli.

Etter at rapporten er presentert, sender Statsforvaltaren eit brev til Kinn kommune om at kommunestyret får høve til å uttale seg før det blir gjort vedtak. Vestland fylkeskommune og nabokommunane (Stad, Bremanger, Sunnfjord, Gloppen og Askvoll) får òg mogelegheit til å kome med uttale om deling av Kinn. Statsforvaltaren skal deretter sende si utgreiing med tilråding til departementet.

Kl. 15.30 den 14. juli er saka oppdatert med BDO sin presentasjon frå møtet. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.