Kommunegrensa i Alver blir ikkje justert

Statsforvaltaren i Vestland har avgjort at initiativet til grensejustering frå innbyggjarar og næringsdrivande i gamle Romarheim-Urdal skulekrins i Alver kommune ikkje skal utgreiast vidare.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.01.2022

Statsforvaltaren mottok 12.07.2021 eit brev frå innbyggjarar og næringsdrivande i gamle Romarheim-Urdal skulekrins i Alver kommune om initiativ til utgreiing av grensejustering mellom kommunane Alver og Modalen, alternativt Masfjorden kommune.

Bakgrunnen for initiativet er mellom anna at både innbyggjarane og næringslivet i det aktuelle området over tid har opplevd reduksjon i folketal og tilbakegang. Det vert også vist til at området allereie har ei nær tilknyting til både Modalen og Masfjorden når det gjeld ulike fritids- og kulturtilbod, at ei grensejustering vil føre til kortare skuleveg for borna i området og at både areala og arronderinga for alle dei tre involverte kommunane vert meir naturleg og samanhengande. Det er opplyst i saka at det budde 122 innbyggjarar i det aktuelle området ved inngangen til 2021.

Dei tre involverte kommunane har ulikt syn på initiativet til grensejustering. Kommunane Modalen og Masfjorden støttar vidare utgreiing, medan Alver kommune meiner det ikkje er grunnlag for dette.

Etter ei samla vurdering har Statsforvaltaren i Vestland kome til at det ikkje er grunnlag for vidare utgreiing av initiativet om grensejustering, då det truleg uansett ikkje vil føre til justering av grensa. I vurderinga er det lagt vekt på at ei grensejustering mot Modalen eller Masfjorden ikkje i seg sjølv vil løyse dei utfordringane som er bakgrunnen for initiativet. Det er også lagt vekt på at Alver kommune nyleg er etablert, viktige prosessar for framtidig utvikling er under arbeid, og at tilgjenge til og avstand til tenester for folk og næringsliv i det aktuelle området ikkje vert påverka i særleg grad ved ei grensejustering.

Statsforvaltaren oppmodar initiativtakarane til aktiv deltaking i dei prosessane som Alver kommune inviterer til, for på den måten å synleggjere ressursar, behov og ønskja utvikling i gamle Romarheim-Urdal skulekrins.

Vedlagt ligg avgjerd om utgreiing

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.