Skjønnsmidlar til fornying og innovasjon for 2023

Statsforvaltaren fordeler ein del av midlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Føremålet er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar for å gjere tenestene betre for innbyggjarane, og stimulere kommunane til å jobbe med fornying og innovasjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.08.2022

Vi inviterer kommunane til å søke om prosjektmidlar til fornying og innovasjon for 2023.

Søknadsfristen er 1. november 2022.

Søknadane skal som tidlegare registrerast i den felles søknads- og rapporteringsportalen Prosjektskjønn, sjå lenke til høgre. Søknadsperioden er frå 1.09. til 1.11.2022.

I høgre kolonne finn de utsendt brev til kommunane, og retningslinjene frå Kommunal- og distriktssdepartementet om prosjektskjønn. I brevet finn de og framgangsmåte for registrering av nye brukarar av portalen.

Vi vil vidareføre dei same søknadsføremåla for 2023 som i 2022, med tillegg av bustadsosialt arbeid som nytt føremål.

Vi legg følgjande søknadsføremål til grunn for 2023:   

    • Kommunale tenester til helse og omsorg
    • Bustadsosialt arbeid
    • Kommunale tenester til barnehage og skule
    • Kommunal tenesteutvikling for utsette barn og unge
    • Digital forvaltning, der samarbeidsprosjekt mellom mange kommunar blir prioriterte
    • Interkommunalt planarbeid
    • Samfunnstryggleik og beredskap
    • Klima- og miljøutfordringar knytte til klimaomstilling, tap av naturmangfald, eit giftfritt miljø eller endringar i havmiljøet

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.