Høyring søknad om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid- etablering Bredvatn kraftverk i Bremanger kommune for Sogn og Fjordane Energi

Høyringsfrist:
28. august 2026 23:00

Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal byggje Bredvatn kraftverk i Bremanger kommune med forventa oppstart i 2027 og anleggsarbeid i ca to år. Dei søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeida. Høyringsfrist er 28. august 2026. 

Publisert 28.07.2026

SFE søkjer om å få etablere sjøbotndeponi av 400 000 fm3 overskotsmassar frå tunnelarbeida og om utslepp av reinsa tunnelvatn.

SFE har i vedlagte søknadar risikovurdert anleggsarbeida og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå

Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2026/12082. Frist for å gje fråsegn er 28. august 2026.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn