Søknad om løyve - anleggsarbeid i sjø - utviding Eidfjord cruisekai

Høyringsfrist:
3. oktober 2025 23:00

Vianova søker på vegner av Visit Eidfjord KF om løyve etter forureinsingslova for anleggsarbeid i sjø til utviding av Eidfjord cruisekai. Målet med utvidinga er å etablere landstraumanlegg slik at cruiseskipa kan nytta straum i staden for å måtta ha motorane i gang medan dei ligg til kai.

Publisert 03.09.2025

Vianova har i vedlagte søknad risikovurert arbeida og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2025/13397. Frist for å gje fråsegn er 3. oktober 2025.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
3. oktober 2025 23:00