Søknad om utsleppsløyve for tiltak i Arefjordpollen

Høringsfrist:
7. februar 2024 23.00
Plantegning av kulvert/voll ved nordre del av Arefjordpollen. Hentet fra plankart 11.1, Fjell kommune parsell 3.

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningsforskrifta til mudring, dumping og utfylling i sjø i Indre Arefjordpollen i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune. 

Publisert 10.01.2024

Det skal byggjast ny veg over Arefjordpollen, nord for dagens Rv.555. Arefjordpollen ligg ved Lillesotra i Øygarden Kommune.

Tiltaket vil føre til fjerning av botnsediment for å etablere steinfylling i vegtraseen over Arefjordpollen. Det øvste laget i sjøbotnen består av svært organisk materiale, såkalla gytje, som er for ustabilt til å byggje på. Dette organiske laget ligg i ulike djupner langs traseen der vegfyllinga skal ligge, og heile laget med gytje må mudrast bort.

Steinmassane som skal nyttast til utfylling vil vere overskotsmassar frå andre stader i vegprosjektet, stort sett frå sprengingsarbeidet i Knarreviktunnelen. Muddermassar frå sjøbotnen er tenkt deponert i dei djupare delane av pollen.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/16836. Frist for å gje fråsegn er 7. februar 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn