Søknad om utsleppsløyve for Sysendalen tettbygde område

Høringsfrist:
9. mai 2023 23.59

Eidfjord kommune søkjer om nytt løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Sysendalen tettbygde område.

Publisert 31.03.2023

Bakgrunn

Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå hytteområda i Sysendalen (Sysendalen tettbygde område) har sidan 2001 vore regulert etter forureiningsforskrifta kapittel 13 med kommunen som forureiningsstyresmakt. Dei seinare åra har utsleppa frå Sysendalen auka til over 2000 personekvivalentar (pe), og er difor no omfatta av krava gitt i forureiningsforskrifta kapittel 14. Statsforvaltaren er miljøstyresmakt etter forureiningsforskrifta kapittel 14 og overtek difor oppgåva som forureiningsstyresmakt frå kommunen.

Avløpsvatnet frå Sysendalen vert i dag ført til dei kommunale avløpsanlegga Maurset og Isdøla reinseanlegg. Maurset og Isdøla reinseanlegg har utsleppsløyve frå 1997. Desse løyva er utdaterte og ikkje i tråd med gjeldande regelverk. Det er difor behov for å utarbeide eit nytt utsleppsløyve for områda som i dag er knyta til desse reinseanlegga.

Maurset og Isdøla reinseanlegg er svært overbelasta, og reinseanlegga overheld ikkje reinsekrava i forureiningsforskrifta kapittel 14. Eidfjord kommune er difor i gang med planarbeidet for eit nytt reinseanlegg som skal handtere alt avløpsvatn i Sysendalen.

Samandrag av søknaden

I søknaden om nytt utsleppsløyve er det søkt om handtering og utslepp av avløpsvatn tilsvarande maksimum 8000 personekvivalentar (pe). Tilførslane til eksisterande reinseanlegg i dag er på om lag 3100 pe.

Planlagt plasseringa av det nye reinseanlegget med utsleppspunkt er vist i figur 1 under. Utsleppa frå reinseanlegget vil førast til elva Bjoreia ved samløpet med sidevassdraget Isdøla.

Det er søkt om reinsekrav tilsvarande standardkrava i forureiningsforskrifta. Med utgangspunkt i informasjon om resipientens miljøtilstand i dag er det i søknaden vurdert at utsleppa ikkje vil medføre negative miljøkonsekvensar for resipienten Bjoreia.

Kart som viser plassering av nytt renseanlegg og utsleppspunkt
Figur 1: Kartutsnitt frå Fylkesatlas. Planlagt plassering av nytt reinseanlegg i Sysendalen er vist med raud firkant. Utsleppspunktet i elva Bjoreia er vist med raud sirkel.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 9. mai 2023.

Merknadar til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til sfvlpost@statsforvalteren.no,  eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2021/8340.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.

Høringsfrist:
9. mai 2023 23.59