Kystverket søkjer om løyve til mudring ved Mortingbåen i Kinn kommune

Høringsfrist:
27. juni 2022 23.59
Kartutsnitt med mudringsområde markert i raudt. Når ein mudrar flyttar ein sand og slam på havbotnen frå ein stad til ein annan for å gjere sjøen djupare. 
Kartutsnitt med mudringsområde markert i raudt. Når ein mudrar flyttar ein sand og slam på havbotnen frå ein stad til ein annan for å gjere sjøen djupare. 

For å auke tryggleiken og evna til å kome seg fram i hovudleia vest for Florø i Kinn kommune søkjer Kystverket om løyve til mudring ved Mortingbåen og fire mindre grunner til -14,3 meters djupne. 

Publisert 25.05.2022

Kystverket søkjer om å mudre totalt 135 000 pfm3 ved fem lokalitetar rundt Mortingbåen i Kinn kommune. Søknaden er avgrensa til å gjelde mudring. Eventuell bruk av muddermassane til utfyllingsformål er ikkje ein del av søknaden.

Søknaden gjer greie for bakgrunn for tiltaket, planlagt metode og omfang, naturmangfald og naturverdiar, fiskeri- og havbruksinteresser i nærleiken av tiltaksområdet, vurdering av tiltaket sin påverknad på naturmiljøet og forslag til avbøtande tiltak.

Det er registrert fleire naturverdiar i nærleiken av tiltaksområdet, mellom anna naturreservata Indre Ånnøy (500 meter) og Nekkøytåa (1,5 km) og gytefelt og gyteområde for torsk, samt fleire akvakulturlokalitetar.

Det er føreslege å avgrense anleggsperioden til perioden frå 1. august til 31. januar ut frå omsyn til naturmangfaldet.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2021/17230. Frist for å gje fråsegn er 27. juni 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.