Høyring av Dalsfjorden marine verneområde

Høringsfrist:
1. mai 2022 23.59
Dalsfjorden er ein trong fjord med stor tilførsle av ferskvatn frå omkringliggjande areal. Med fleire undersjøiske tersklar utover fjorden blir det danna spesielle livsmiljø for marine artar. Det kjente landemerket Laukelandsfossen er synleg om lag midt i biletet.
Dalsfjorden er ein trong fjord med stor tilførsle av ferskvatn frå omkringliggjande areal. Med fleire undersjøiske tersklar utover fjorden blir det danna spesielle livsmiljø for marine artar. Det kjente landemerket Laukelandsfossen er synleg om lag midt i biletet. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Dalsfjorden marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 1.mai 2022 (ny frist).

Publisert 16.02.2022

Dalsfjorden er representativ for norske fjorder, og har sidan 2004 vore kandidatområde for marint vern. Til høgre ligg det fullstendige høyringsdokumentet med vedlegg.

Verneverdiar

Dalsfjorden er ein smal fjordarm i Sunnfjord omkransa av fossefall og bratte, skogkledde lier. Det er stor tilførsel av ferskvatn i Dalsfjorden, og det har danna seg spesielle naturmiljø under vatn. Kandidatområdet omfattar areal i kommunane Askvoll, Fjaler og Sunnfjord og er om lag 11,3 km² stort.

Gjennom mange istider har breane utforma Dalsfjorden. På botn av dei fleste fjordar finn ein tersklar som breane har lagt att. I Dalsfjorden er det fleire slike tersklar med ulikt artsmangfald innover fjorden. Artar som ein vanlegvis finn djupare under overflata trivst i ganske grunne område her i kandidatområdet. Fjorden har det djupaste partiet på drygt 400 meter i ytre del utanfor grensa for kandidatområdet.

Ein sentral del av verneføremålet er dei spesielle naturtilhøva med stor ferskvasspåverknad, og vi finn det naturleg å leggje grensa ved terskelen i området ved Nishammaren slik at dei markerte ferskvasstilførslane frå Laukelandsfossen (Storelvi) og Fossedalselvi kjem med i verneområdet.

Fjordbassenget innanfor terskelen ved Nishammar har ei største djupne på 172 m, og både Storelva med Laukelandsfossen og Fossedalselva renn ut i fjorden her. Lenger inn fjorden er det ein terskel ved Halsnes, og bassenget innanfor har ei største djupne på 97 m. Det tronge Svædsundet ved Bygstad fører inn til den inste pollen ved Osen, som har ei djupn på 30 m. Osen er allereie verna som naturreservat grunna den viktige funksjonen området har for våtmarksfugl, for undervassenger og plantesamfunn.

Botnen i den indre pollen består av fin sand medan det utanfor Svædsundet (også kalt Svesundet eller Svedsundet) er sølebotn. Svædsundet har ein rik, fastsitjande hardbotnfauna langs fjordveggane. Både anemoner og korallar trivst godt i det straumrike sundet. Fleire stader i Dalsfjorden er det funne store mengder med grunne førekomstar av begerkorall på 5-15 m djupn.

Begerkorall er funne i tette bestandar ved Sundsneset, Nistad, Bjørvikstranda og Svædsundet. Det er sjeldan å sjå så tette førekomstar som her, og dei trivst høgare opp mot overflata i Dalsfjorden enn andre stader den er registrert.
Begerkorall er funne i tette bestandar ved Sundsneset, Nistad, Bjørvikstranda og Svædsundet. Det er sjeldan å sjå så tette førekomstar som her, og dei trivst høgare opp mot overflata i Dalsfjorden enn andre stader den er registrert. Foto: Torgeir Kaarbø.

Både Gaularvassdraget og Laukelandsfossen/Storelvi er verna mot kraftutbygging. Elva Gaula har også status som nasjonalt laksevassdrag. Kandidatområdet for marint vern grenser til dei to eksisterande naturreservata Holmelidholmen sjøfuglreservat og Osen våtmarksreservat. Delvis innanfor og delvis utanfor våtmarksreservatet ligg eit svært viktig blautbotnsområde i strandsona (NIVA 2017).

Dalsfjorden er lite påverka av utbygging og ureining, og det er etter det vi kjenner til så langt i prosessen, ikkje knytt store økonomiske interesser til utnytting av området i dag. Fjorden er smal, og med fleire spesielle biologiske førekomstar som korallar, sjeldne brakkvassplantar og rike straumområde.

Les om dei biologiske kartleggingane og meir om verneverdiar i temaartikkelen om kandidatområdet.

Verneføremål

Føremålet med Dalsfjorden marine verneområde er å ta vare på ein særeigen, avskjerma fjord forma av innlandsisen sine utgravingar gjennom fleire istider dei siste ca. 2,5 millionar år med både representativ, sjeldan og sårbar natur, og som representerer bestemte naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi biologisk og geologisk. Det er ei målsetjing å halde verneverdiane utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking.

Oppretting av eit marint verneområde inneber at det vert forbod mot tiltak som kan skade verneverdiane. Vegetasjonen, medrekna tang, tare og andre marine plantar, og dyrelivet i sjø blir verna mot skade og øydelegging. Planting av vegetasjon og utsetting av organismar blir forbode.

Verneføremålet knyter seg til vassøyla og sjøbotnen.

Korallnellik er eit nesledyr som trivst i straumrike område. Vanlegvis lever den djupare enn 50 meter under overflata, men i Dalsfjorden er den registrert opp til 10 meters djupne
Korallnellik er eit nesledyr som trivst i straumrike område. Vanlegvis lever den djupare enn 50 meter under overflata, men i Dalsfjorden er den registrert opp til 10 meters djupne Foto: Torgeir Kårbø.

Verneforskrift og grenser 

Ved oppretting av eit marint verneområde vert det utarbeidd ei verneforskrift som fortel kva som er lov og ikkje lov i området (sjå vedlegg 2 i fana til høgre). Verneforskrifta er endra sidan oppstarten. 

Eigedomstilhøva vert ikkje endra ved oppretting av marine verneområde, og i all hovudsak vert ikkje private eigedommar påverka. Hovudregelen er at eigarar av grunn ned til strandlinja har eigedomsrett ut i sjøen til to meters djupne med middels låg vasstand (normal fjøre). Grensa mot land går difor langs djupnekote 2 m under sjøkartnull for det meste av området unntatt der det marine verneområdet grenser til naturreservat på land, og der det er særleg verdifulle grunne område. Der blir landareal i tidevassona opp til middel høgvatn (normal flo) inkludert.

Det marine verneområdet dekker eit sjøareal på om lag 11,3 km2. Eit marint vern i Dalsfjorden vil omfatte privat eigedom i særleg viktige grunne område (sjå kart i vedlegg 1). Verneforslaget blir sendt på høyring til grunneigarar i disse grunne områda innanfor vernegrensa.

Verneområdet femner om overflata, vassøyla og sjøbotnen. Det vert også gjort unntak frå to-meters grensa der det er kommunal reguleringsplan i fjorden. Mot område med reguleringsplan vil grensa for det marine vernet følgje reguleringsplangrensa.

Det er i framlegget til verneforskrift teke inn opning for å søkje dispensasjon for tiltak på landareal i tidevassona opp til middel høgvatn (normal flo), som t.d. mudring framfor naust og båtopptrekk eller mindre uttak av sand til eige bruk for grunneigar. Sjå meir om dette i høyringsdokumentet, under kapittelet om brukarinteresser.

Dalsfjorden er ein attraktiv destinasjon for fisketurisme. Også lokalbefolkninga brukar fjorden til matauk og rekreasjon.
Dalsfjorden er ein attraktiv destinasjon for fisketurisme. Også lokalbefolkninga brukar fjorden til matauk og rekreasjon. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Tom Dybwad.

Generelt om verknadar av vernet

Ved etablering av nye verneområde i dag er det vanleg at pågåande, lovlege aktivitetar kan fortsette, også etter vedtak i statsråd. Eit vern har til hensikt å ta vare på området og unngå store inngrep som utfylling, boring eller nye, tekniske installasjonar. For enkelte aktivitetar vil marint vern innebere restriksjonar slik at naturverdiane får auka beskyttelse. 

For dei fleste som nyttar Dalsfjorden i dag vil vernet få litan eller ingen verknad. Det marine vernet vil ikkje medføre ferdselsrestriksjonar. Normal friluftsaktivitet vil ikkje vere i strid med verneføremålet, der fritidsfiske og ferdsle med båt vil kunne fortsetje uavhengig av eit vern eller ikkje.

Vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar som til dømes røyrleidningar, bryggjer og kanalar til naust vil være lov. Tiltak ut over vanleg vedlikehald vil i utgangspunktet ikkje vere lov. Det er i forskrifta § 5 teke inn ei rekkje heimlar for å søkje om dispensasjon. Gjennom handsaming av ein søknad vil verneområdeforvaltinga sikre at miljøomsyn vert lagt til grunn i vurderinga av om løyve vil bli gitt. Til dømes kan det bli sett vilkår om tidspunkt på året for gjennomføring. Vilkår knytt til eksempelvis kanalisering av kablar og leidningar til traséar utanom viktige naturførekomstar kan også bli sett.

Verneforskrifta legg ikkje opp til regulering av fisket slik det går føre seg i dag, dette er allereie regulert gjennom havressurslova og lakse- og innlandsfisklova. Om vern vil medføre konsekvensar for eventuell framtidig akvakultur, vil avhenge av konkrete vurderingar av om slik aktivitet er i tråd med verneføremålet.

Verneforskrifta vil gjelde parallelt med anna regelverk, og ein søknad vil ofte måtte handsamast etter fleire lovverk. Dersom det er motstrid mellom fleire regelverk vil verneforskrifta alltid gå føre anna lovverk. Søknadar vil som hovudregel først bli handsama etter verneforskrifta.

Vi legg opp til utarbeiding av forvaltningsplan med definerte bevaringsmål som grunnlag for å overvake tilstanden i Dalsfjorden marine verneområde. Ein forvaltningsplan vil også utdjupe verneforskrifta og gi retningsliner for brukarinteressene.

Vern er i hovudsak eit verkemiddel for å verne natur mot menneskeleg påverknad, men mange verneområde inngår også som eit positivt element i lokal identitetsskaping og marknadsføring av lokal næring. Vi erfarer at lokalbefolkninga har eit nært forhold til fjorden og til mangfaldet av fisk som har vore viktig for matauk og rekreasjon. Dette vil vere av dei varige, positive verknadane av oppretting av eit marint vern i Dalsfjorden.

Ut i frå kunnskapen vi har i dag, vil dei negative verknadane av eit marint verneområde vere få. Enkelte grunneigarar vil måtte søkje om å ta opp sand for å strø gardsplassen sin, men elles vurderer vi at konsekvensane er små. Ei eventuell bru over Svædsundet vil i framtida måtte planleggjast utan brupåle på sjøbotn. Dumping av eventuelle ureina snømassar vil vere forbode etter verneforskrifta. Kommunane har jobba for å forbetre miljøtilstanden i Dalsfjorden, og vi meiner at eit marint vern vil kunne bidra til å løfte dette arbeidet ytterlegare.

Statsforvaltaren meiner så langt i prosessen at dei positive sidene av eit marint vern i Dalsfjorden vil vege tyngre for natur og samfunn enn dei negative sidene, men vil gjere ei grundig vurdering av alle innspela vi får i høyringa før vi tilrår saka vidare.

Planområdet for marint vern er ikkje så stort at det utløyser krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova.

Det er fleire verdifulle grunne område i Dalsfjorden som er viktige for artar som treng mykje lysinnstråling, blaute sediment og ei god blanding av brakkvatn og tilførsle av ferskvatn. Her ser vi Kappstadvika.
Det er fleire verdifulle grunne område i Dalsfjorden som er viktige for artar som treng mykje lysinnstråling, blaute sediment og ei god blanding av brakkvatn og tilførsle av ferskvatn. Her ser vi Kappstadvika. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Bakgrunn, saksgang og prosess 

Framlegget til Dalsfjorden marine verneområde vert med dette lagt fram for høyring i medhald av § 39 i naturmangfaldlova. Arbeidet er gjennomført i tråd med § 42 i naturmangfaldlova og kapittel VII i forvaltingslova. Verneprosessen for det marine arealet er eit ledd i arbeidet med å verne eit representativt utval av norsk natur for komande generasjonar. I den nyleg framlagde stortingsmelding nr 29 (2020–2021Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur vart det presisert at marin verneplan frå 2004 skal halde fram. Av dei 36 kandidatområda som låg inne i marin verneplan frå 2004, er så langt 16 verna etter naturmangfaldlova og 3 beskytta etter havressurslova.

Arbeidet er gjennomført etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet til Miljødirektoratet i 2017, som då gav Fylkesmannen i oppdrag å gjennomføre ein verneplanprosess for Dalsfjorden og Stad som marine verneområde. Dåverande Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sende oppstartmelding for arbeidet med marint vern for Stad i november 2017. Fylkesmannen hadde fleire møte med grunneigarar, kommune og fylkeskommune, næringsverksemder med fleire i oppstartsfasen. Møtereferat ligg i fana til høgre som vedlegg 4.

Det er Statsforvaltaren i Vestland som er ansvarleg for å lage verneframlegg og sende dette på høyring etter rammer sett av Miljødirektoratet. Det har så langt som råd vore teke omsyn til innspel til oppstartsmeldinga ved utarbeiding av det endelege verneforslaget, som inkluderer framlegg til verneforskrift med vernereglar, avgrensing og verneverdiar. Ei oppsummering av innspela ligg som vedlegg 3 i fana til høgre.  

Etter høyringa vil Statsforvaltaren utarbeide ei tilråding for vern som vert sendt til Miljødirektoratet. Deretter sender Miljødirektoratet ei endeleg tilråding til Klima- og miljødepartementet som kan fremje vedtak om oppretting av verneområde for Kongen i statsråd. Eit eventuelt vernevedtak vil vere ein kongeleg resolusjon, der verneforskrifta med tilhøyrande vernekart er dei juridisk bindande dokumenta. 

Dersom vedtak om vern vert ein realitet, skal Statsforvaltaren i ettertid utarbeide forvaltingsplan for det einskilde området. Forvaltingsplanen er ikkje juridisk bindande på same måten som verneforskrifta, og skal skissere ei rettesnor for forvaltinga innanfor rammene av verneforskrifta. Det vil bli eigne høyringsprosessar for desse forvaltingsplanane.

Innspel

Høyringsbrevet (ligg til høgre i sin heilskap) og tilhøyrande dokument er sendt til offentlege instansar, foreiningar og interesseorganisasjonar. Alle involverte partar blir oppmoda til å ta del i høyringa. Fråsegn kan du sende til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller til sfvlpost@statsforvalteren.no

Merk saka med «Høyring av Dalsfjorden marine verneområde». Vi tek med oss alle innspel til oppstartsmeldinga vidare i prosessen, der dei vil bli handterte som høyringsfråsegn med mindre vi har fått ny uttale frå dykk. Høyringsfristen for å kome med fråsegn til verneframlegget er sett til 1. mai 2022 (ny frist).

Liten piperenser er ei sjøfjør i koralldyrfamilien. Den er ein av artane som er registrert i Dalsfjorden. Den trivst på blaut botn mellom 10 og 360 meter under overflata. Ein nedgravd muskuløs fot gjer at den kan bevege seg sakte på botn, og om den blir uroa kan heile fjøra trekke seg heilt ned i holet.
Liten piperenser er ei sjøfjør i koralldyrfamilien. Den er ein av artane som er registrert i Dalsfjorden. Den trivst på blaut botn mellom 10 og 360 meter under overflata. Ein nedgravd muskuløs fot gjer at den kan bevege seg sakte på botn, og om den blir uroa kan heile fjøra trekke seg heilt ned i holet. Foto: Torgeir Kårbø.