Bergen kommune skal sanere Slettebakken deponi og søkjer om løyve etter forureiningslova.

Høringsfrist:
14. januar 2022 23.59

Bergen kommune vil vaske, sortere og gjenbruke mest mogeleg av massane på tiltaksområdet. Avfallsmassar som ikkje kan nyttast vert køyrt til godkjend avfallsanlegg. Arbeidet er planlagt frå våren 2022 til haust 2023. 

Publisert 03.12.2021

Slettebakken blei nytta som kommunalt deponi for avfall frå 1940 til 1961. Det ligg ca. 124 000 m3 avfall på det 42 000 m2 store deponiområdet. 

Arbeidet med oppgraving, sortering og vasking av avfallsmassar har planlagt oppstart våren 2022 med forventa varighet til hausten 2023. Planlagt arbeidstid er mandag - fredag kl. 07 - 19 og vedlikehaldsarbeid laurdag kl 07 - 17.

Bergen kommune har inngått samspelsentreprise med arbeidsfellesskapet VeDeCi, eit joint venture selskap mellom Veidekke og DEC for gjennomføring av prosjektet.

Plan for kommunikasjon og dialog med naboar

Bergen kommune vil jamnleg leggje ut oppdatert informasjon om planlagte aktivitetar og forventa fremdrift i prosjektet på kommunens heimeside, på prosjektets Facebook side og Instragramprofil. Skulen, kyrkja, eldreheim og idrettsalliansen vil bli særskilt informert om planlagde aktivitetar. Det vil òg bli sendt ut SMS-varsel til naboar og andre berørte parter ved spesielle aktivitetar, som ekstra transport inn/ut av anleggsområdet eller støyande aktivitetar. Bergen kommune har eigen kommunikasjonsmedarbeider involvert i prosjektet. Eventuelle klager fra naboar og andre berørte partar vil bli svart ut og journalført.

Graveplan

Massane som skal gravast opp vil være topplag av sand, avfallsmasser og nederst myr/torv. Områda vert masseutskifta i fem fasar, sjå foreløpig riggplan i vedlegg 9. Området kor renseanlegg og vaskeanlegg for massar skal plasserast vert utgraven først, sjå figuren under som viser oppgraving i fase 1 og 2. Tilbakefylling vil bli utførd med god klaring til avfallsmassar for å hindre kontakt mellom reine og forureina massar. Det er planlagd å behandle mellom 500 og 800 tonn med masse pr. dag.

Metode for sortering av massar

Skisse over sorterings- og vaskeprosessen er vist i figuren under.

Massane vil først bli sortert i tre fraksjonar i ei trommelsikt. Den største fraksjonen vil gå til ein stasjon for manuell sortering. Dei to minste fraksjonane vil gå under eit magnetbånd som fjernar magnetiske metall.

Den mellomste fraksjonen går gjennom ein vindsikt for å sortere ut lettare materiale som papir, plast og bein. Deretter går dei vidare til eit jordvaskeanlegg der organisk materiale, silt og leirpartiklar blir fjerna ved hjelp av to ulike vaskemetoder som sorterar på partiklanes eigenvekt (hydrosyklon og log washer). Den tunge fraksjonen som blir att er stein, keramikk og glas.

Finstoffet, partiklar < 63 µm, som vert skilt ut i hydrosyklonen, blir avvatna med tilsetjing av kjemikalie og pressa saman til filterkaker i ei filterpresse. Det er i dei finaste partiklane i filterkakene at det meste av forureininga blir samla. Filterkakene kan ikkje gjenbrukast, og skal leverast til godkjend avfallsmottak.

Vassrenseanlegg

Vatn som blir forureina av grave- og saneringsarbeidene blir overført til fordrøyingsmagasin og så behandla i renseanlegg (sjå figur under). Det reinsa vatnet blir sluppe på overvassrøyr til Tveitevannet. Det skal være kontinuerleg overvaking av renseanlegget i anleggsfasa, og det skal takast vassprøver frå utløpet for å kontrollere at vatnet har tilfredsstillende kvalitet. Forslag til grenseverdier er vist i vedlegg 4 til søknaden

Støy

Multiconsult har utført ein berekning av støy frå anleggsarbeidene (vedlegg 8) og det kan forventast høgare støynivå for nokre bustader på dagtid kvardager enn anbefalt i statlige støyretningslinjer. Det er vurdert at til tross for berekna overskridelser av grenseverdier er det mogleg at arbeida kan utførast utan spesielt høg grad av støyplage. Kommunen skal gjennomføra varsling og god dialog med dei berørte naboar, og oppfølging i form av målingar eller logging av reell støy etter oppstart av arbeida. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 14. januar 2022.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2020/315.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.