Lansering av rapport om kommunane sitt arbeid med universell utforming

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet lanserer rapport om korleis kommunane jobbar med universell utforming, i webinar 30. april. 

Publisert 17.04.2024

Målet er å bidra til auka kunnskap om status for universell utforming i kommunane, og kva område og moglegheiter som finst for å betre dette arbeidet.

På webinaret får du høyre gode døme frå kommunar og fylkeskommunar som jobbar godt med universell utforming. Webinaret er 30. april frå 10.00-11.30.  

Meir informasjon, program og påmelding finn du på nettstaden til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.