Tur som tillitsskapande tiltak når pasientar vert haldne tilbake i helseinstitusjon med tvang

Tvungen tilbakehald i helseinstitusjon er eit inngripande tiltak. Det er ikkje lov å bruke meir tvang enn nødvendig. For desse pasientane kan turar ut vere eit viktig tillitsskapande tiltak.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.08.2022, Sist endret 26.08.2022

Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A om somatisk helsehjelp gitt med tvang, stiller krav til at tillitsskapande tiltak skal vere prøvd før ein gir helsehjelp med tvang. Kravet om bruk av tillitsskapande tiltak skal bidra til at helsehjelpa kan bli gjeve utan unødig bruk av tvang.

For ein pasient som vert halden tilbake i helseinstitusjon, kan turar ut vere eit viktig tillitsskapande tiltak. Pasientar som har nytte av tur og evne til å gå tur, må få tilbod om turar, eventuelt med følgje. Dette er særleg viktig for pasientar som ha stor utferdstrong og trong til å bevege seg. Dersom det ikkje er tilrådeleg med turar ut, må dette grunngjevast særskilt i tvangsvedtaket.

Det er ikkje lovleg å bruke tvang eller meir inngripande tvang som erstatning for manglande personalressursar. Kommunane må difor sikre at det er tilstrekkeleg med personalressursar på institusjonen til at dei kan bruke tillitsskapande tiltak som til dømes turar. Kommunen kan heller ikkje vere avhengig av pasienten sine pårørande eller andre støttepersonar for å sikre at pasientar får turar ut frå institusjonen.

Bruk av tillitsskapande tiltak og tvangsbruk skal journalførst, etter helsepersonellova § 39 og journalføringsforskrifta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.